Sider

fredag 9. mars 2012

Ein tøff dag på barneheimen

Etter forrige besøk til barneheimen for to veker sidan, var eg litt glad sidan det hadde vore ein anleis dag der. Folk var glade og det var mange på besøk, slik at alle romma hadde besøk og mange born fekk positiv oppmerksomheit. I dag er eg heilt utmatta. Det var ein skikkeleg nedtur i dag... Å setja heilt fingen på kva det akkurat var er ikkje lett, men i dag blei eg sitjande tett ved dei som jobbar der når eg mata borna, og måten dei matar på opplev eg (me!!) som eit skikkeleg overgrep. Trur det er vanskeleg å forstå om ein ikkje er der og opplev det sjølv, men eg kan gje ei kort skildring: Maten er til tider for varm..., dei legg borna på fanget, om dei ikkje gapar, eller om dei grin, eller om dei ikkje svelger maten, eller om dei ikkje svelger maten fort nok, så i tillegg til å holda dei fast i ein vanrett stilling, held dei dei for nasen, så dei ikkje får puste og MÅ svelgje for å få puste. Deretter, om dei ikkje svelger ned maten, om dei grin og opnar munnen meir, puttar dei meir mat i munnen.... Eg sat så nære at eg kunne tatt vekk handa til ho som jobbar der og sagt at slik kan du ikkje gjera... Men det tørr eg ikkje. Me måtte snu oss vekk fleire i dag, og tårene berre trilla....

Lurer på kva dei tenkjer dei som jobbar der. Om dei har eigne barn, barnebarn osv, om dei hadde mata andre born som ikkje er på barneheimen på same viset. Samstundes er det manga som skal ha mat på kort tid, og dei gjer det same kvar dag, så det blir vel ein rutine for dei...?? Dei ser kanskje ikkje desse flotte små borna, men ser berre ein jobb som skal gjerast. Det handlar vel om ressursar her og, og eg kan tenkja meg at testanden var ikkje noko spesielt mykje betre på institusjonar i Norge for 70 år sidan... Men uansett korleis ein tenkjer på dette, så er det frykteleg å væra så nær når det skjer, og ikkje kunne gjera noko. Og som eg har sagt før, det er så uendeleg trist for desse borna, og så vanskeleg å godtta at nokon born skal ha det slik. 

Bilete øverst ser de barneheimen frå utsida. I vindauget med "gitter" rundt pleier det å sitje nokre store gutar og kikke på oss. Det rommet får me visstnok ikkje kome inn på på grunn av at dei borna er farlige....? Kanskje dei har budd her heile livet sitt, og kven blir ikkje farlige då? På bilete til høgre her har eg prøvd å zooma inn, så de kan skimta eit par gutar som kikkar ut:



Fekk med to store posar med leiker frå ei mamma i klassen til Fredrik i dag, "babyleiker". Dei er så fine, dei kan ikkje slå seg sjølv eller andre på dei, og det gir stor glede for borna å få holda på slikt. Me gav dei til ungane når dei blei lagt tilbake i senga, i håp om at dei skulle få ha ein liten bamse kvar i senga. Men me tenkjer nok at så fort me har gått ut av døra, er leikene samla inn og lagt vekk, og me er redd dei ikkje blir tatt fram særleg ofte...??





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar