Sider

onsdag 14. mars 2012

Fyrste sumardag

Så har den reisande familien Wike Ljungblad ankome Royal Pavillion! Dei har vore på tur i asia siste to månedar (Thailnad, Indonesia, Malaysia) og avsluttar eventyret sitt hjå oss i Shanghai:) 
Ungane som har vore mykje i lag forut for vår flytting til Shanghai, gleda seg masse til å sjå kvarandre att, og det tok ca 10-20 sekund før den fyrste sjeansen la seg og dei var tilbake akkurat der me slapp sist, herligt! Fire glade born og ein nøgd pappa på tur igår: 
Gårsdagens program var ut på "Hop on hop off" tur med desse raude bussane som er i alle store byar rundt omkring i verda. Solveig og Filip las kart og viste vegen: 

 Perletårnet var eit av dei store måla denne dagen:
Heldigvis og takk og pris..... så kom eg på å spørja i billettluka om det var veldig mykje folk som ville opp i perletårnet denne dagen. Ja, ganske mange var svaret. Ok, kor lang tid trur du me må venta på å koma inn i heisen, var mitt neste spørsmål, kanskje 1 time, kanskje meir.... Ok folkens, me går opp i Pearl Tower ein annan dag!! Alle var einige og ungane godtok forklaringa vår, for kven kan tenkja seg noko meir kjedeleg enn å avslutta ein nydeleg dag med å stampa i kø inn og ut, opp og ned. Nei, me skal nok koma oss opp dit, men det får bli ein annan dag. 

Så når me skulle hoppe på bussen for å kome oss til rett sida av byen att (Puxi) så kom sjølvsagt ikkje bussen slik me hadde tenkt, og med lita skrift bakpå billetten stod det at siste buss gjekk 17.00 (den bussen som me missa med 2 min, så tenkte me, ja, ja, tek neste buss som går 17.15...). Vel, taxi er eit alternativ i ein sådan situasjon, men det kan til tider vera vanskeleg å forklara taxisjåføren kvar me skal, og sidan det kun var ein "lokalkjend" i fylgjet (altså meg) og eg ikkje kunne vera i to taxiar på ein gong, valgte me det andre alternativet, metroen. Akkurat når alle kinesara skal heim frå jobb, då skulle me inn på metroen. Det var trangt!!
og i periodar litt ekkelt. Når dørane opna, pressa folk på for å kome inn, utan tanke for å fyrst sleppe ut dei som skulle av.....
Og så gjekk me heim siste kilometeren. Det var ein stålande dag, sol og blå himmel heile dagen. Boblejakkane våres måtte me store delar av dagen ha rundt livet eller putte oppi sekken, 12 grader i skuggen og kanskje 20 i sola:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar