Sider

onsdag 7. mars 2012

"National visitation"-dag på skulen

I mars ynskjer skulen til ungane oss foreldre inn i klassen for å fortelja om landet me kjem frå. Solveig har  ein norsk klassekamerat, Ola, så i dag var eg og mammaen til Ola, klare for å fortelja om Norge. 

Me hadde forberedt oss med eit norsk flagg og teikna landet på frihand på eit A4 ark, printa ut bileter frå snø og ski, samt kjøpt inn "Dei tre bukkene bruse" som me fant på kinesisk her om dagen. 

Det var ein herlig gjeng med jenter og gutar i alderen 4-5 år, og to mammaer som hadde litt sommarfuglar i magen for å holde eit lite "foredrag" på engelsk for denne gjengen. Må berre sei at det var kjempemorro!  Og eg gledar meg til å fortelja om bukkene bruse igjen på mandag i klassen til Fredrik. 

Her ser de Solveig som sit klar for å teikna det norske flagget: 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar