Sider

fredag 23. mars 2012

Ny sjarmør på barneheimen

Ein ny dag og nye moglegheiter... På morgonen vinka me på gjensyn til familien Wike Ljungblad, så blei det ein motvillig tur til skulen for Solveig og Fredrik, og tur til barneheimen på meg. Eg reiser ikkje motvillig til barneheimen, men kjem dit og reiser derifrå med tungt hjerte. Eg kan vel ikkje få sagt det ofte nok kor trist det er at born lever slik. På eit vis skulle eg ønska eg snakka kinesisk og kunne spørje om kor lenge dei har vore der, kor lenge dei blir, om det er noko plan for framtida på noko som helst måte, om dei har nokon aktivitetar gjennom veka der dei blir stimulert... osv, men på den andre sida er eg redd for at det er godt eg ikkje veit meir enn det eg ser. Eg kan jo velja å ha nokre positive tankar....

Som ein gong før, så var det ein buss med kinesiske gutar og jenter (kring 20 år? så menn og kvinner er vel eit betre ord) på besøk på likt med oss. Det er så flott for då får alle borna litt oppmerksomheit, mange blir holdt og nokon får trena på å gå. Me oppdaga fort eit nytt sjarmtroll blandt alle søte små, ei jente som eg tippar til å vera kring 2 år og heilt frisk. Ho var i godt humør, spretten i kroppen, snakka og smilte til oss, kunne gå og hadde tenner og fekk sitja når dei som jobba der gav ho mat! (men ho åt ikkje og fekk vel litt kjeft for at ho ikkje ville det...). Me har ikkje sett ho der før, og lurer veldig på når ho kom, kva som har skjedd med hennars foreldre/omsorgspersonar...
Så denne guten her, når eg tok handa på kjaken for å sei "hadetbra" så la han hovudet så godt intil, han blei tung i handa mi, og eg kunne ikkje gå ifrå han...
Me var meir taktiske i dag enn forrige gong, og satte oss med ryggen til hurtigmatinga. Her ser de to som jobbar her og dei har eit born kvar på fanget:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar