Sider

søndag 11. mars 2012

Nytt norsk medlem

Ein av dei triste sidene av expat livet, er at folk reiser. Me har til no opplevd å bli fort godt kjent med mange mennesker, både norske og frå andre land, og det er kjedeleg når folk forsvinn frå livet her. I klassen til Solveig og Fredrik var det tilsaman 6 born som reiste til jul... I april reiser ei frå klassen til Fredrik til New Zeland (kontrakt på jobb endra frå tre år i Shanghai til 6 mnd i Shanghai og ny plan er tre år i på nytt kontinent). Her på Royal Pavillion reiste ein norsk familie heim til jul medan den neste reiser heim i mai. Men i mellomtida, i januar kom ein ny norsk famile hit:)

For snart to veker sidan var ventetida over for for at ein ny norsk borgar skulle kome til her på Royal Pavillion. Thea og Kai fekk ein gut og Jens ein liten bror. Det er sååå stas å ha ein baby som nabo, her er Thea og Ebbe på besøk, der Ebbe er 8 dagar gamal: 

No er det sundag kveld. Ei spennande ski helg er over utan at eg har fått fulgt med på noko anna enn på resultatbørsen. Saknar å sjå på sport på tv!! men den tid kjem igjen. Sola har kome fram att her i helga, etter mange veker med kjipt regn og ruskever (men kan ikkje kalla det skikkeleg vestlandsver, har ikkje vore så mykje ver....) og me har trimma litt inne (treningsrommet i kjellaren): 

 og hatt sykkelaktivitet ute:





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar