Sider

mandag 5. mars 2012

Tid for tannlege?

Når me går ut av porten her me bur og til høgre, vel, me har to portar, ein som går ut i Hua Shan Lu og ein som fører til Zhenning Lu. Går me ut porten til Hua Shan Lu (uttalast waschan, og du må sei det med masse trykk på wa og ch..... lukke til), og så til høgre, går me forbi "HuaShan community healt care center":
På det øverste bilete ser de dei gule stolane i vindauget, dei same stolane ser de igjen i neste bilete. Om de kikkar godt (har ikkje klart å få noko spesielt godt bilete av dette...), så kan de sjå nokre mennesker innforbi, og bak der igjen, er det 4-5 tannlegestolar med pasientar i, dei sit der på rekke og rad og gapar, og om interessen hadde vore stor nok så kunne eg nok fått med meg litt av kvart innafor tannlegevitenskapen....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar