Sider

torsdag 8. mars 2012

Utstillingsdokker i gatene

Etter me kom att frå tur til Norge og Singapore, var det mange vakter (?) i gata rundt omkring her me bur som eg ikkje hadde sett før. Dei er fint dressa opp og i starten trudde eg det var politi, men det er visst ikkje det, men de er vel einige i at dei ser ganske strenge og viktige og ansvarsfulle ut?:
Eg har ikkje funne ut kva dei gjer og kven dei er enno, eg spurte sjåføren vår, Leon, om dei var politi, men då lo han og sa at det var dei ihvert fall ikkje. Politi har ikkje frakk.... Han sa at han ikkje heilt visste korleis han skulle forklara det til meg, men dei var ingenting meinte han fyrst... Etterkvart så forstod eg det som at dei var ein eller anna form for vakter. Dei spaserar i gatene, eller står på ein stad og fylgjer med på trafikk og folk:
Desse har i hvert fall dukka opp i dragens år heromking (dvs etter 18 januar ein gong), så eg må etterkvart leggje meir innsats i å finne ut kven dei er og kva som er jobben deiras, men mest sannsynleg er det ein slags form for ro og orden. 

Ein annan form for ro og orden jobb som me går forbi kvar dag (veit ikkje, berre trur at det må vera noko slikt...) er ein liten brakke sak som står langs vegen nokre hundremeter bortafor oss: 
Inni dette vetle huset sit det ein mann eller tre, mandag til fredag og kikkar ut, og av og til går dei ut og strekkjer litt på beina:
Eg lurer og på kva som er jobben deiras... om det er ein eller annan form for vakt? Uansett har dei som jobbar der fri i helgane, då er døra lukka og det er ingen å sjå der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar