Sider

fredag 20. april 2012

Dei små barna

For å starta med noko triveleg, så viser eg eit bilete frå ei av gatene her me bur. Som eg har sagt tidligare så har alle gatene rundt omkring her flotte tre, allè, og no byrjar det å bli skikkeleg grønt:) Er bra at det blir godt med skugge i gatene etterkvart som temperaturen kjem til å stiga til rundt 30 grader i mange månadar. I august når me kom, hadde me dagar med 35 grader.... 
Fredag i dag, og annakvar fredag er barneheimsdag. Har den siste tida også drøymt om desse borna eg møter der, så eg jobbar med tankar kring dette temaet både natt og dag... Når eg kom inn i gangen i dag, venta eg på at ein kinesisk bekjent, Rainbow (hennars engelske navn) skulle koma og blei ståande og kikka rundt meg. Oppdaga på veggen denne timeplanen:
Tenkte jo at det var ein timeplan med tid for aktivitet, kvile mm, og det bekrefta Rainbow etterpå. Eg lurer veldig på om dei faktisk fylgjer denne planen...? Ellers så byrja dagens besøk med at eg såg ein liten gjeng med born kom gåande utanifrå og inn. Eg blei såååå glad! Glad for at borna var ute og gjorde noko anna enn å vera i senga si. Det var ei gruppe med litt eldre born, kanskje dei over 5 år. Når eg kom opp i tredje etasje der eg pleier å vera, så var dørene opne mellom dei to avdelingane der, og fleire ungar gjekk fritt omkring. I heile vinter har alle vore fastspent i stolane eller senga si (men eg hugsar fyrste gongen eg var der, då møtte eg eit born i den same gangen, men i dag var dei mange som gjekk rundt). Når eg gjekk inn døra, så kom ein gut mot meg og tok handa mi. Han var blind, 4 år, ellers heilt frisk, han ville ut ut ut...

Var veldig tilfredstillande å ha med "tolk" i dag, men det var ikkje akkurat slik at det ho kunne fortelja gjorde situasjonen til ungane noko betre. Den jenta eg skreiv om sist, som me trudde var ny på barneheimen, var ny, ho havna der pga at foreldra hennars er i fengsel, 14 månadar gamal og levert til barneheimen av politiet... Fyrste gongen eg traff ho, for 4 veker sidan var ho smilande og blid og veldig utadvendt. I dag var det som om livets harde realitet hadde gått opp for ho, lite smil, blyg, virka redd...   Det var og ei jente til der i dag, som var ny, og heilt frisk. Kanskje vore der 2-3 veker, med same sjebne, at foreldra var i fengsel. Ein får jo så lyst å ta dei med seg heim... Har kjent veldig på at det har vore tøft å sjå at nye born kjem inn på barneheimen, og sjå på korleis dei tilpassar seg det nye livet sitt. Det gjer vondt overalt!


1 kommentar:

  1. Livets harde realiteter for mange der, ja....

    SvarSlett