Sider

torsdag 12. april 2012

Dong Tai Lu Antiques Market

Det er heilt strålande å ha naboar som er mykje meir "lokalkjent" i området enn ein er sjølv. Thea som har vore her i godt over 3 år, samt snakkar fabelaktig kinesisk:) har vore ein super guide under heile oppholdet. Stendig kjem ho med små tips til artige stader å sjå eller gode stader å tilbringa tid. Denne veka var det Dong Tai Lu Antiques Market som var tipset: 
Som de ser er det ei gate med boder tett i tett. Det heiter antikkmarked, men det er vel særs tvilsomt om det er noko særleg antikk ute og går...?? Fake antikk derimot er det masse av. Men ein kan finne små og store skattar, og det er morro å leita!:)
Forutan å kikka og leita etter skattar i bodene, er det alltid andre ting som også er artig å fylgja med på, som klesdrakter for eksempel: Å rundt i bamsedrakt eller Hello Kitty for vaksne er daglig:
Eg såg nokre figurar som eg trudde var av Mao. Sidan eg allereie hadde hendene fulle med diverse større eller mindre kupp, så var eg ikkje så heilt stødig på handa og så stod dei heilt nede på bakken alle desse figurane, og det var hardt å bøya seg ned. Etter at eg kom heim og kikka litt nærmare på bileta fekk eg ei vond kjensle i magen når eg ser på kva enkelte av desse figurane viser, spesielt den nederst til høgre. Etter at eg las boka Three Daughters of China så kan dette ikkje vera anna enn henta frå kulturrevolusjonen og "denounciation" av mennesker som foregjekk overalt, heile tida, over laaaang tid....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar