Sider

tirsdag 3. april 2012

Dyrepark utan dyr..

Kva skal ein finne på når det er påskeferie og alt for langt til skiføre? Veret er strålande, 13 grader i skuggen og kanskje 20 i sola (litt kald vind), då må ein jo ut på tur. Me valte Shanghai Zoo, som nokre hundretusen (føltes ihvert fall slik..) andre kinesara gjorde denne dagen og.... Når eg i tillegg hadde valgt å ta med syklar til ungane og sparkesykkel til meg sjølv, så var utfordringa stooor. Fredrik som akkurat har kasta støttehjula har ikkje heilt kontroll på starten og bremsinga samt det å sykla saaakte...

Shanghai Zoo er ein stor park, (det var difor me valgte å ta med syklar då det blir for langt å gå for ungane...) og det er masse dyr å sjå på i alle størrelsar, frå elefant, giraff, panda, løve, bjørn, isbjørn!, slangar, fulgar osv. Men i dag så skjøna me fort at å sjå på dyr var berre å gløyma, spørsmålet blei om me skulle snu i døra eller prøva å vera der ei stund. Fant ut at sannsynlegvis så var dei fleste parkar overfylte i dag då det er offentlige fridagar og flott ver, så me valgte å bli der. 

Etterkvart så kom me fram til hoppeslottet som var eit av måla, og ungane hadde det kjekt der ei stund. 
Når kinesarane reiser i park, så er det mange som tek med seg telt og campar der heile dagen. Dei søv i teltet, har måltida ute, spelar kort og nyt kanskje ein herlig dag med meir plass kring seg enn det dei aller fleste har heima (der dei kanskje deler 20 kvm med 6 andre....). Me hadde og med picnicteppe og mat, og hadde ein god pause på grasplenen.  
Når me jobba med å finna vegen ut av parken, stoppa me innom dei dyra me møtte på vegen. Så me fekk sett elefant, sebra, giraff, steinbukk, svanar, ender og struts.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar