Sider

mandag 23. april 2012

Ferguson Lane

Frå Shanghai kan me melda om at varmen har gjordt eit skikkeleg inntog i løpet av helgi. I går og i dag har me hatt skikkelege sumardagar med kring 25 grader i skuggen, og sikkert 30 i soli... Med ein slik varme så spirer og gror det overalt, og no har området her, tidligare kjent som French Concession (er ikkje lov å sei at det er French Concession, det er ein fornærming då navnet gjenspeglar tida då Frankrike kontrollerte området her. French Concession blir brukt heile tida, men skal ein skriva det BØR ein få med "tidligare kjent som..."  Det var ein restaurant som gløymde det i reklamen om seg sjølv, og ettersom eg har høyrt var bota dei fekk svært høg...).
Uansett, det har blitt grønt kringom oss, utsikt frå verandaen vår, sjølv om det er noko disigt, så kan ein ikkje koma vekk frå at det er mykje meir grønt innimellom enn ein kanskje hadde trudd?:)
Sundag starta me med frukost i Ferguson Lane. på Coffe Tree. Ferguson Lane er ein bakgård der fleire butikkar og kafèar er samla, der det ikkje er lov å køyra bil eller moped inn:) Om ein er tidleg ute, dvs kl 9 når det opnar, så er det masse bord ledig, stilt og fredlig, ungane kan springa rundt og leika og me vaksne kan drikka god kaffi. Det blei ein strålande frukost i lag med gode venner. Trass i at det tok ca 1,5 time frå me bestilte mat til me fekk den... Det var noko problem med dataen, så då blei det heilt umogeleg å holda orden på bestillingane... 
 Vaffel med nutella var midt i blinken:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar