Sider

søndag 15. april 2012

Gong Qin Forest Park

Me snakka om tidligare i år, at me skulle prøve å sjå ein ny stad i Shanghai kvar helg. Me har ikkje heilt levd opp til det, men det er vel ikkje så langt ifrå heller. Ein ny stad kan vera ein park, ei gate, eit museum, cafe, osv. Byen er så stor og har veldig mykje å by på, så ein må stå på litt for å kome over alt på den tida me har. I dag har me vore i Gong Qin Forest Park. Den ligg 2 mil  frå oss og er ein park på over 130 mål. Inngangspartiet var hektisk, masse folk, masse ting å få kjøpt (gassballongar, såpebobler, vifter osv alt som ungane ALLTID har lyst på..) og Lars Petter ville, tradisjonen tru, snu før me var byrja... Trass ein trang start, så blei det ganske bra, og på slutten av turen fant me ein stad inni skogen der me var mest for oss sjølv, og hadde det vore litt tidligare på turen så kunne me rulla ut picnic teppet vårt og slappa av medan ungane leika mellom blomar og tre, eller sykla rundt. Så absolutt ein stad å vitja igjen.  

Eg fyljger opp gårsdagens innlegg om at våren er i anmarsj med nokon blomsterbileter og ellers små inntrykk frå parken (me hadde ingen ambisjonar om å rekke over alt, noko me heller ikkje gjorde): 

Sa nokon at me klaga over at det var så folksomt...:) Når det går an å få tatt eit slikt bilete så kan ein ikkje akkurat klaga!

 Parken har fleire flotte bruer:

Litt av blomstringa igjen: 



Så desse små bilane som er i alle parkar me har vore i. Tenkjer at det er flott å vera i ein park, slik at ungane kan få syklar og springa rundt utan at me heile tida må roppe "stopp", "vent" "pass deg" osv. Men så har dei altså slike små bilar som køyrer rundt på dei som ikkje ynskjer å gå, og det er jo flott, men det som ikkje er greit er at desse bilane køyrer rundt inne i parken slik som bilane køyrer rundt ellers her i byen. Dei tutar HEILE tida, køyrer fort, og har sjeldan intensjon om å sakka farten rundt ein sving i tilfelle det er born eller andre ute på tur midt i vegen, grrrr. 
Me nordmenn går alltid på tur med sekk på ryggen, og takk for det, er jo så praktisk:) Det er sjeldan at kinesarane gjer det:
Solveig og Fredrik hadde ein super dag med "terrengsykling":
"Båttur", he he: 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar