Sider

torsdag 26. april 2012

Høge hælar

Dei som kjenner meg, veit at eg og høge hælar er ein dårleg kombinasjon... he he. Det som er fasinerande her som me bur no er, ikkje det faktum at veeeldig mange går med høge hælar, men det at det er veeeldig mange på mitt nivå som går med desse skoda. Dvs at det ser ut som dei går på stylter eller balanserar på line el når dei går bortover vegen. Ikkje berre går dei med dei på gata, men også på tur i skogen, i parken osv... (fyrste bilete oppe til venstre, ser de ei som ligg og slappar av i parken, med sine høge hælar framleis på.. medan mannen som går med joggesko, har valgt å ta av skodna under middagskvilen): 
Ein ting til med desse skodna, er at mange går med alt for store sko i tillegg til veldig høge hælar, tenkja seg for ein kombinasjon??! Høyrte ein teori frå nabotårnet mitt, som gjekk på at når det er skosal, så er det på dei størrelsane som det går minst av, dvs større enn 37 kanskje. Og for dei som har litt for lite pengar, men frykteleg lyst på slike sko, så lider dei litt ekstra for skjønnheiten....?:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar