Sider

fredag 27. april 2012

Joggetur gjennom Shanghai

Eg fekk tilbud om å koma på besøk til Linn i dag og testa ut solsengene hennars ved bassengkanten. Det var meldt 25 grader, og det blei 25 grader, så eg var ikkje så veldig vanskeleg å be:) Linn bur på Pudong, dvs den sida av elva som alle dei nye store husa er, og ho bur RETT ved. Kan stå i kjøkkenvindauget sitt og fylgja med på den enkelte arbeidar som traskar rundt på det bygget som skal bli nermare 700 m høgt...
Eg ynskjer å vera effektiv og få mest mogleg ut av dagen, samt at det er viktig å få trimma litt. Så eg fant ut at eg skulle prøva meg på min fyrste joggetur utendørs i Shanghai, og på google maps på sida her, kan de sjå ruta mi. Starta på den grøne teiknestifta og fyrste målet var den raude teiknestifta. Elva som renn her heiter "Huangpujiang" og deler Shanghai inn i Puxi (sida som me bur på) og Pudong, den andre sida:). Når eg kom til den raude teiknestifta tok eg ferje over elva, gjekk kvart 15 min og kosta 2 rmb (mindre enn 2 kr). Så bur Linn heilt ved elvebredden på andre sida. 

Det blei ikkje den mest effektive treningsøkta, for det er jo så mykje å sjå på undervegs, og så kan eg ikkje berre gå forbi utan å få tatt ialle fall nokre bileter...
Fyrste her er ein bilverkstad på fortauskanten: 

Her selger dei frukt, grønt og FISK. På bilete til venstre har eg tatt ein nærmare bilete av fisken som ligg på bilete på høgre sida og, det var 25 grader i skuggen i dag så eg håpar det var rask omsetning på fisken deiras... om de ser godt etter så ser det opptil fleire fluger som har fest på fisken. 
Eg fekk meg ein tur gjennom byen i områder eg har vore før men og nye stader, og så fekk eg ein heilt ny oversikt over kvar ting ligg i forhold til kvarandre. Så no har eg ny rute klar for neste sightseeing :) 
Rett før elva jogga eg gjennom ein grøn oase, og kunne sjå dei høge tårna store delar av turen, då visste eg at eg var på rett spor...
Var dans i parken, sving? 
video

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar