Sider

mandag 30. april 2012

Landlig idyll

Det går an å føla at ein bur på landsbygdi om ein bur i  Shanghai og... Har vore på besøk til nokon som bur ved/på ei  golfbane som ligg  rett ved East China Sea.  Og der kunne ein fort gløyme kvar ein budde og tru at det var i USA.. Husa og compoundet var som henta ut frå ein amerikansk forstad. Så var og alle husa "importert" frå USA og dei aller fleste som budde der var amerikanara, då det er ein amerikansk skule inne i compondet.   Når ein gjekk ut av bilen, var det akkurat same kjensla som når ein gjekk ut av bilen når me var på tur til Moganshan.

Slikt eit hus kunne ein velja seg: 

Og ungane kunne springa fritt omkring på området, eller, ein måtte sjå opp for evt golfballar...
Naboen hadde eit par hundar som dei hadde tatt inn frå gata. Desse hundane hadde fått eit nytt liv kan ein trygt seia, tenk å vera gatehund i Shanghai, kontra vera kjæledyret til ein amerikansk familie i eit grønt compound... Solveig og Fredrik fekk gleden av å klappa og gå tur med desse flotte skapningane.
 Utsikt frå hagen:
 og her på sykkeltur inne på compounden:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar