Sider

lørdag 14. april 2012

Laurdagsgraut

Me har hatt nokre sumardagar, men det svingar bra med temperaturen frå 10-25 grader.  Dei siste to tre dagane har blomane byrja å sprette og trea langs vegane her byrjar å bli grøne (det er allè langs alle vegane i området) og det blir såååå fint snart. Allè er så flott! Manglar bilete frå det i dag, men skal koma om nokon dagar, må berre venta til blada har sprutte skikkeleg:) Istaden skal de få sjå nokre av blomane utfor døra vår: 


Blomar i mange fargar. Tradisjonen tru så kokar eg graut på laurdagar, risengrynsgraut:) Har for tida til og med toro grautposar medbrakt frå Norge, og dei er dei beste! Manglar selvfølgeleg heimabaka flatbrød frå mammen og spekemat, men graut smakar godt uansett.

Me har oppdaga ein ny stad å tilbringa tid ute i det fri, og har døypt den (eg har gjordt det i dag) til Ibsen-parken. Det er ein stor grønn plen rett bak der det står ein byste av Henrik Ibsen (er på området til ein teaterskule el). Så i dag tok me med oss grauten og raud saft ut og inviterte dei me møtte på vegen til laurdagsgraut ute i det fri:)
Dei to relativt like tårna de ser i bakrunnen, er der me bur, i 18 etg på det som ligg til høgre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar