Sider

fredag 6. april 2012

Naked Stables Private Reserve

Som eg tidligare har skreve om, så er me no på påsketur/ferietur ut av Shanghai. Denne staden me valgte å bu på, Naked Stables Private Reserve, såg kjempeflott ut på bileta på internett, og me blei ikkje skuffa når me kom fram (det er jo ingen selvfølge! tykkjer stendig eg opplev at verkelegheita skil seg godt frå det ein får servert i blader og brosjyrar/internett...). Me nyt flott natur, flott arkitektur, rolege omgivelsar mm. "Kids Club" har dei og, så me fekk oss ein flott tur på to hjul. 

Det er to typer hytter her, fyrst desse firkanta:  
og så desse runde som me bur i:
Bygga og interiøret er veldig gjennomført overalt og det er kjempemorro å gå kring og studera det samt prøve å snappe opp småtips..:)
Me ser mange teplantasjar kringom her, på avstand såg det ut som rismarker, når me kom nærmare skjønte me ikkje kva det var, såg ut som buksbomar, men så var det altså teplantasjar:
 Her ser det oppkøyrselen, med stallen på høgre hand:
og her er mor og dotter på hesteryggen:) Tykkjer sjølv det ser frykteleg idyllisk ut på bilete...:)
 Eit av tre basseng som er her:
Utsikt frå "hideaway pool", eit boblebad som ligg oppå ein liten høgd. Kan minna om soria moria...:
Fyrste delen av sykkelturen i dag var opp opp opp, herligt!:
 og når me kom til enden av vegen kunne me fortsetja opp på trappetrinn til eit utsiktspunkt:

1 kommentar:

  1. Åhhh, det ser så flott ut. Gleder meg til i morgen, nå må vi bare forte oss å sove slik at vi kommer avgårde:)

    SvarSlett