Sider

torsdag 5. april 2012

Observasjonar langs vegen ut av Shanghai

Då er påsken over oss for fullt, og i motsetning til alle tidligere påsker feirer vi denne gang i Kina. I dag har me køyrt bil ut av Shanghai i 3 timer og kome oss opp i fjellandskapet rundt Hangzhou/Moganshan. Det er mykje motorveg i starten, men etterkvart så kom me inn på mindre vegar, gjennom større tettstader (vel, bur vel nokre hundretusen overalt, så små eller større tettstader alt ettersom kva ein samanliknar med....) og tilslutt var me framme til målet Naked Retreat (som eg kjem attende til seinare): 

Det er mange som jobbar på/ved/langs/i vegen, her er nokre av dagens observasjonar. 
Det er sjeldan i Kina at storleiken på fartyget set begrensning på kva ein skal frakta med seg: 
Alle mann i arbeid, her er ein gatefeiar. Han har parkert sykkelen sin godt ut i vegen som ein sikkertheit for seg sjølv.... I dag køyrte me forbi mange som holdt på med den same jobben på motorvegen.... 3-4 felt og der gjekk dei og feia med bambuskosten sin.
 Nokon som har sett at det blir bygd veg med hjelp av hammar før?....
 Fortsatt vegarbeid, spørst om det var litt problem med grøftinga her:
 Me lurer på om mannen i dress er sjefen som er på besøk og ser til arbeidet som foregår langs vegen...:
 Som sagt, det er sjeldan fartyget set begrensningar for kor stor lasten kan vera...
 både når det gjeld varer og personar:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar