Sider

mandag 9. april 2012

På møbeljakt

Me har teke turen ein gong tidligare, men no var det på tide å reise på ny skattejakt i huset med alt det rare i på Pudong... I ei lita gate finn ein (om ein har kart eller har vore der før...) ein lagerbygning med alt ein kan tenkja seg av til huset, eller ikkje tenkja seg... Alt frå gitar til sofa til maleri til blomsterpotter, potter, stolar, smykker, skap og ja til og med levande hundar! 

Me hadde fått gode tips fyrste gongen me reiste dit om korleis det såg ut og korleis det fungerte, men alikavel så er det ikkje så lett å ikkje bli forundra... Det er stabla ting over alt, høgt og lågt, innimellom overalt.. så det er ein skattejakt ein må ut på, og det er morro for det er masser av skattar til ein god pris:) 

Her ser de inngangspartiet: 
Denne nydelige krabaten ville dei selja til oss for 100 yuan... Godt at ikkje ungane var med, då hadde det blitt veldig trist å ikkje kjøpa han. Lars Petter prisar seg lukkeleg kvar dag for at eg er ganske så allergisk mot pelsdyr...
Her ser de ein av gangane i labyrinten innomhus. Det er ting og tang overalt. Ein av dei som jobbar der gjekk rundt og rydda litt idag... he he.
Forrige gong så måtte me henta sjåføren vår, Leon, når me skulle spørja om pris, forhandla og få sendt tinga heim til oss. Men i dag så klarte eg på min gebrokken kinesisk og med kinesisk-notat boka mi i handa og ordne opp i dette sjølv, morro! og nokre kupp blei det i dag og (trur og håpar me - me får sjå når det leveras i morgo).

1 kommentar: