Sider

onsdag 11. april 2012

Resultat av møbeljakta

Etter å ha vore godt nøgd med at eg klarte å forhandle pris samt avtale tidspunkt for levering sjølv, blei eg litt nervøs då varene igår ikkje blei levert til avtalt tid... Så i dag tidleg fekk eg Leon (sjåføren vår) til å ringje butikken. Han tykte ikkje det høyrtest bra ut at eg hadde betalt heile summen på førehand og var veldig skeptisk. Men så gjekk det bra denne gongen og... Årsaken til at dei ikkje blei levert igår var så hardt regnver... Når det regnar her blir det endå fleire bilar på vegen og endå meir kø og tuting osv enn på ein vanleg dag, og ja, det regna faktisk ganske bra i går kveld, lyna og tordna, så me kjøper den unnskuldninga. Berre greit at dei ikkje prøvde å ringja meg for å gje beskjed, då det nok hadde vore umogleg å forstå noko pr telefon:) 

Etter å ha fått alt ihus, er me (passleg) godt nøgde. Så kan de gjera dykk opp ein eigen meining ved å studera bileta nermare:) 

2 kommentarer:

  1. Oi, du har handlet masse! Lars Petter er også blitt tenkt på her, maritime inslag. Kul kiste/amerika kuffert? Må nok ta meg turen hit jeg osgå:)

    SvarSlett
  2. jepp, du blir med oss neste veka Linn! Det er morro og absolutt verdt eit besøk, om ikkje anna, så for å sjå korleis dei har stabla alt mogleg over alt....

    SvarSlett