Sider

lørdag 28. april 2012

Shanghai Yacht Club

I dag har me vore på tur ut av Shanghai, til Shanghai Yacht Club:) Er sus over det navnet, og nokon i familien håpa nok på å koma seg godt ut på sjøen med god vind i segla... men dei kom seg ut på sjøen litt i hvert fall, i ein kajakk. I fyrste bilete her ser de litt av båtsamlinga til Yacht Clubben, og midti i bilete ein kajakk som lagar spor i vatnet (Solveig, Fredrik og Lars Petter som padlar): 
Staden låg 5 mil frå oss, og med motorveg i 48 av dei kilometerane, burde det vera ein rask sak å koma seg frå a til b, men så er det denne trafikken, og så pokkers mange bilar aaaaaltid!! Men staden var nydeleg, fyrste gong at me har funne grasplen som ein god norsk plen til å gå på, og det beste av alt så var det lov til å gå på plenen over alt:) I tillegg var det mest ikkje folk på denne perla, så dette er staden å reise attende til om ein ynskjer fred og ro og natur (og ingen bilar som tutar....:)) 

Frå padleturen: 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar