Sider

mandag 2. april 2012

Sykkellås

Påskeferien starta i dag og den starta med ein liten tur i treningsrommet for meg (gurimalla det skulle vore tur rundt Fossfjedle i dag....) og legobygging for dei andre. Her kan de sjå onkel Arild og Monica grillar pølser, tante Lise solar seg på ei solseng, tante Oddveig kjem køyrande i politibil og det var farfar som køyrte bil med campingvogn, he he: 
I eit par veker no har me stridd med at den eine sykkellåsen har vore umogleg å få opp, og då har me ein sykkel for lite når fire skal ut på tur. Eg prøvde tidlegare i veka å få ein av "ingeniørane" her på huset til å klippe den opp, utan hell. Så i dag måtte me få den opp så me kunne ut på sykkeltur. Eg tok meg ikkje bryderiet om å gå nedom kjellaren fyrst for å prøva igjen i dag, då me har prøvd fleire gongar utan hell og Lars Petter meinte det var heilt unødvendig, for han hadde jo og prøvd utan hell for nokre dagar sidan... Eg og ungane henvendte oss i resepsjonen. Liten og dårleg respons på mitt ynskje om hjelp til å klippe ein sykkellås. Eg blei irritert og litt sur, så tilslutt kom det ruslandes ein kar med ein hammar..... Me gjekk ned i kjellaren i flokk, og eg viste fram sykkelen og sykkellåsen, og skulle demonstrera at låsen var heilt umogleg, og selvfølgeleg vips - den gjekk opp!!! At det går an. Følte meg superlur og når det er umogleg å kommunisera med anna enn kroppsspråk (då alle ord eg trengde ikkje har vore pensum så langt i mitt kinesiskkurs...) så fekk eg vel ikkje akkurat fram mitt bodskap. Men det gjeld å holda fokuset, fokusera på at me hadde to syklar til å reisa på tur med, for eg kunne på ingen måte få gravd meg ned nokon stad.....

Så sykla me på tur, og møtte på desse to som var ute på jobb:
Lunsjen tok me på Sasha`s. Alle utemøblane var kome på plass forutan parasollane, så me sat og sveitta i solsteiken og angra på at me la att shortsen heima...

For dei som likar øl, så var dette ein strålandes dag for å starte utepilssesongen:) 
Har blitt sommar her dei siste dagane med solskinn om dagen og måneskinn på kvelden:) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar