Sider

lørdag 7. april 2012

Sykling i bambusskog

Eg har funne ut at når dei reklamerar for "mountain biking" her på Naked Retreat, så betyr det å sykla på vegane her oppe i fjellet... Ikkje slik som me tenkjer på terrengsykling i skog og mark. Har ihvert fall ikkje lukkast å få desse som jobbar på sykkelutleigen her til å forklara oss ei skikkeleg terrengrute. Sjølv om me er på ein vestleg plass som er bygd opp og dreve av vestlige, så er engelskunnskapen blandt dei som jobbar her mykje dårligare enn kva ein til ei kvar tid forventar. Øver meg kvar dag på å vera så kort og presis som mogleg... 

Vel, i dag så prøvde me oss på ei ny rute ut i frå google maps på iphonen. Det fungerte veldig bra, kartet altså. Sykla gjennom små landsbyar med mange inntrykk. Eg trur at ettersom dei byggjer opp meir og meir turisme her i området, gir det arbeid til fleire og fleire, og med det så aukar levestandaren. Er jo kjekt å leva i den tru. Det blir bygd hus over alt, og veldig mange hus er store og flotte. 

På dagens sykkeltur prøvde me oss på nokre avstikkara frå hovudvegen. Og til Lars Petter sin store glede så fekk me innslag av terrengsykling: 
video

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar