Sider

tirsdag 29. mai 2012

Fridtjov den frøkne vs Yu the Great

Er ikkje heilt ferdig med Saoxing enno, etter at me hadde vore på ein fjelltopp med ein pagoda og tempel, oppdaga me denne mannen som stod og kikka utover landet, eg lurte på om me hadde dotte gjennom jorda og koma heim til Vik/ Vangsnes og såg på Fridtjov den frøkne: 
Me hadde to timar att til utsjekking på hotellet, og tok sjansen på å rekke fram og tilbake for å sjekke ut statuen. På veg dit gjekk me gjennom nok eit herlig gjennomført  parkanlegg. Stod ein stad at dei hadde "pumpa inn" 200 millionar i desse anlegga kring Kuaiji Mountain på oppussing, så det skulle kanskje berre mangla om ikkje staden var strøken....?
Byrjing på stigninga opp mot statuen:
Litt nermare:
Eg er framme! Han var stor! eg står der i rosa gensar...:
Yu the Great:









mandag 28. mai 2012

Vannbyen Saoxing

Byen me vitja forrige veke, Saoxing, er ein av dei større vannbyane. Etter at me hadde fått oss nokon flotte turar opp i fjella omkring byen, avslutta me oppholdet med ein sykkeltur rund i gamlebyen Shaoxing (me sykla ikkje sjølv, men var turistar, og sat godt plassert bakpå medan eigaren av sykkelen jobba hardt med å frakte oss rundt). Nokre utvalgte bileter frå turen gjennom byen:  













søndag 27. mai 2012

Dumplings til lunsj

Det var tid for lunsj, og eg hadde tenkt at eg måtte ta med besøket på ein "ekte" kinalunsj (kva det no enn skulle vera...?). Sidan gatemat framleis ikkje er heilt min greie (men kjenner at det nermar seg altså), så hadde eg tenkt oss inn på ein litt finare dumplingsrestaurant. Undervegs dit så rista Leon, sjåføren vår, på hovudet og sa at om me skulle ha dumplings så måtte me jo prøva dei mest berømte dumplingane i Shanghai, Yang`s fried dumpling: 
Vansklegare var me ikkje å be. Leon stilte seg i kø og ordna lunsj til oss alle, 6 rmb for 4 dumplings, og medan me venta på maten, stod me og kikka på dei som laga den, fascinerande, skikkeleg samlebåndsopplegg, kjempeeffektive:
Her er lunsjen servert: 
Og det smakte skikkeleg godt! mykje betre enn den dampa sorten eg har smakt tidlegare, dog litt problematisk å eta for nokon...,

fredag 25. mai 2012

Kuaiji Mountain, Shaoxing

Det blei eit veldig bra plaster på såret for at årets "Great Wall Marathon" foregjekk utan meg på startstreken, å plutseleg oppdaga dette området rett ufor hotellet me budde på: 
Her, som på hotellet me budde på, var det heilt minimalt med moglegheit for å kommunisere på anna språk enn kinesisk, så me veit ikkje så mykje om staden eller historien til dette området. Men det me såg og opplevde, var nokre enorme byggverk (som virka heilt nye, nymalt...) av ulike former for tempel, nydeleg parkanlegg og perfekte steintrepper frå start til topp av fjellet. Her er inngangspartiet til Kuaiji Mountain: 
Her fortset me oppover fjellsida, gjennom det eine flotte byggverket etter det andre, og heilt strøkne parkanlegget kringom:
 Me har sett noko på toppen som me gjerne vil opp og sjå på:
Og når me såg betre etter, var det ikkje berre ein pagoda på toppen, men for oss såg det ut som fleire hus. Det visste seg å vera eit tempel og eit boligkompleks for munkane.
Ganske bratt! når me snudde oss rundt såg me flotte fjellsider på alle sider. Desverre var det ein ganske grå dag så utsikten blei ikkje optimal, men uanett strålande nøgd:)

 Akkurat passert pagodaen, og her klar for siste innspurt opp til tempelet i bakrunn:
 Som mangt anna i Kina, også dette byggverket imponerar:
Her ser de litt av utfordringen vår på turen, alt gjekk på kinesisk og eg gjorde så godt eg kunne i å prøva å forstå noko:) he he:
 Frå toppen:
 Her har me passert toppen og gått opp på ein annan liten høgd rett ved:
Så var det å koma seg ned igjen. Ikkje noko sti i desse traktene, heile turen foregjekk på nydeleg steintrepper...:

Ei natt på Dayu Kaiyuan

Med farmor på besøk nytta me, eg og Lars Petter, høve til å sjå ein ny stad av Kina, ut på tur, utan born. Ved ein slik anledning har ein i starten store tankar om å reisa langt vekk og gjera mykje på kort tid, men etterkvart som det nerma seg så gjekk for me den meir lettvindte løysninga, passleg lang reise (slik ca 2 timar...) der ein kan sjå og oppleva noko nytt av Kina, samt lagt inn god mat og drikke og godt med avslapping. Me planla tur til Shaoxing, ein by som ligg vel 20 mil sørvest for Shanghai, 2 timar med tog, og med 4,3 millionar innbyggjara... Me blei einige om at det går knapt an å reisa på tur til ein ny stad å vita mindre om den enn det me gjorde denne gongen... Me reiste dit ut ifrå anbefaling frå ein kinesisk kollega av Lars Petter og etter at eg las eit reklamebasert innlegg i eit av gratisblada som florerar her i Shanghai. At kollegaen var kinesisk skjønte me etterpå hadde ganske mykje å sei for at han var super nøgd med staden me budde:

Eit hotell/ overnattingsstad som består av ein liten "landsby" med mange gamle små hus, som er gjordt om til hotellrom/ små gjestehus. Ein kunne leige rom i mange storleikar. Me budde i nr 119: 
Det var kjempeflott der! sidan gatene var så breie så blei me i tvil om staden faktisk var gamal eller om den var bygd opp ny for dette formålet. Dei aller fleste gatene me ser i gamle vannbyar er svært trange, men kanskje det var meir plass i denne byen då desse husa blei bygd. 
Det var så fredfult der, mest ingen folk å sjå eller høyra, ingen å snakka med, då alle snakka (selvfølgeleg inkuldert alle som jobba der) så godt som KUN kinesisk, og lite mat som frista då det var KUN kinesisk mat på den eine restauranten som var open medan me var der. Me har blitt ganske vand med kinesisk mat, og veldig mykje av det likar me godt, dog me i det siste begge to byrjar å kjenne at me heller meir og meir mot vår vestlige mat om me kan velja fritt... Det er og mange variantar av kinesik mat, trur det er 5 hovudretningar, og på denne staden blei det servert ein retning som ikkje fristar mest. Så sidan ein del av formålet med turen også var god mat og drikke, bestemte me oss ganske fort at me ville forflytte oss vidare til ein ny stad neste dag, til nærmaste by Hangzhou, som er ein dobbelt så stor by, med fleire internasjonale hotell.
Uansett Dayu Kaiyuan var ein nydeleg stad så her fylgjer nokre fleire bilete inntrykk frå overnattingsstaden:

I bakrunnen her ser de ein liten fjelltopp:) det var mange av dei, og når me gjekk ut på tur fant me ein pagoda og andre bygningar på toppen av eit av fjella, som me hadde ein fantastisk treningstur til neste dag:) 
 Det var akkurat så fredeleg og idyllisk som det ser ut...


torsdag 24. mai 2012

Gamle Shanghai

Fyrste tida eg budde her, trudde eg gamlebyen i Shanghai var Yu Garden. Det har eg lært no, (frå gode naboar, frå lesing i bøker og sjølvstudering) at er ein sanning med visse modifikasjonar...:) Sjølve Yu Garden, der ein betalar for å gå inn og gå gjennom ein flott hage, er nok gamal, men bygningane som er rundt omkring der er om ikkje nye, så ihvert fall veldig godt pussa opp og gjordt særs turist vennleg. Ikkje noko feil med det, eg likar dei bygningane kjempegodt, flotte bygningar, artige boder og basar område, flott tehus, masse, masse å sjå og fasinera seg over, og ein kjenner at ein er i Kina. Det største aberet med Yu Garden for min del er at det ALLTID er masse mennesker der, og det vil sei at det er så store folkemengder at du må holda godt i kvarandre for å ikkje mista nokon... Eg har vore der mellom 8-10 gonger sidan eg kom hit, og har alltid det same inntrykket. 
Yu Garden sett frå taket på "hop on hop off bus" på mandag: 

frå same bussturen, prøvde å få med mange hustak samt kontrasten med dei høge husa på Pudong i bakrunnen:
Dagen før me køyrte buss gjennom byen, så var me på spasertur gjennom nokon av dei delene av Shanghai, som eg no tenkjer meir på som "gamle Shanghai". Her står husa framleis, 2 og 3 etasjars hus som enno ikkje har blitt reve til fordel for høgare blokker (kanskje om 10 år er det ingen av desse igjen??). Når ein går i gatene her så føler me veldig at me kjem meir inn på livet som "shanghainesaren" lever, me kikkar inn i nokre vindauger eller opne dører, og ser ein stol og ei seng... men det er reint i gatene og det er grønt mange stader! Her er det mykje àle, samt nokre vaskekostar som heng til tørk: 
Ei lita gate inn, der klesvasken heng til tørk, og syklar står parkert:
innimellom alt anna, sit det tre karar å spelar kort:
Me gjekk og gjennom Dong Tai antikk marked, der det er mykje å kikka på, og nokre kupp kan ein gjera:
Så litt fleire bileter frå vandringa gjennom lokalbefolkningen sine bustader: