Sider

søndag 6. mai 2012

Bileteserie frå Shanghai Yacht Club

Forrige helg "fant" me ein ny stad for rekreasjon ut frå Shanghai sin storby "kjas og mas". Kun 5 mil for å koma til rolige og landlige omgivnader, og mest ingen andre mennesker, det er luksus i eit land som dette. Når eg tenkjer på det, kan det umogleg vera mange kvm pr mann/ kvinne i Shanghai... Her er uansett dei aller fleste hus oppover og ikkje bortover. Shanghai Yacht Club er staden, og her fyljger nokre bileter frå helga: 
Utsikt frå verandaen til ein villa det går an å leiga: 
 og her er ein av villa`ene som er til utleige.
 Litt av promenaden langs innsjøen "Dianshanhu":
 Solveig og Fredrik spring glade bortover promenaden, legg merke til kor frodig det er!
Me leigde ei hytta for natta, svært norsk i stilen med tømmerveggar på utsida,trekvite veggar inni, ein hems med senger på og veranda til å nyte god frukost, eller som her sjå på fullmånen som kom fram på kvelden:
 Eit par av hyttene sett i dagslys:
 Neste dag campa me ved denne krakken:
 Er også båtar ved yacht clubben:), men lite vindt for segling denne dagen:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar