Sider

fredag 25. mai 2012

Ei natt på Dayu Kaiyuan

Med farmor på besøk nytta me, eg og Lars Petter, høve til å sjå ein ny stad av Kina, ut på tur, utan born. Ved ein slik anledning har ein i starten store tankar om å reisa langt vekk og gjera mykje på kort tid, men etterkvart som det nerma seg så gjekk for me den meir lettvindte løysninga, passleg lang reise (slik ca 2 timar...) der ein kan sjå og oppleva noko nytt av Kina, samt lagt inn god mat og drikke og godt med avslapping. Me planla tur til Shaoxing, ein by som ligg vel 20 mil sørvest for Shanghai, 2 timar med tog, og med 4,3 millionar innbyggjara... Me blei einige om at det går knapt an å reisa på tur til ein ny stad å vita mindre om den enn det me gjorde denne gongen... Me reiste dit ut ifrå anbefaling frå ein kinesisk kollega av Lars Petter og etter at eg las eit reklamebasert innlegg i eit av gratisblada som florerar her i Shanghai. At kollegaen var kinesisk skjønte me etterpå hadde ganske mykje å sei for at han var super nøgd med staden me budde:

Eit hotell/ overnattingsstad som består av ein liten "landsby" med mange gamle små hus, som er gjordt om til hotellrom/ små gjestehus. Ein kunne leige rom i mange storleikar. Me budde i nr 119: 
Det var kjempeflott der! sidan gatene var så breie så blei me i tvil om staden faktisk var gamal eller om den var bygd opp ny for dette formålet. Dei aller fleste gatene me ser i gamle vannbyar er svært trange, men kanskje det var meir plass i denne byen då desse husa blei bygd. 
Det var så fredfult der, mest ingen folk å sjå eller høyra, ingen å snakka med, då alle snakka (selvfølgeleg inkuldert alle som jobba der) så godt som KUN kinesisk, og lite mat som frista då det var KUN kinesisk mat på den eine restauranten som var open medan me var der. Me har blitt ganske vand med kinesisk mat, og veldig mykje av det likar me godt, dog me i det siste begge to byrjar å kjenne at me heller meir og meir mot vår vestlige mat om me kan velja fritt... Det er og mange variantar av kinesik mat, trur det er 5 hovudretningar, og på denne staden blei det servert ein retning som ikkje fristar mest. Så sidan ein del av formålet med turen også var god mat og drikke, bestemte me oss ganske fort at me ville forflytte oss vidare til ein ny stad neste dag, til nærmaste by Hangzhou, som er ein dobbelt så stor by, med fleire internasjonale hotell.
Uansett Dayu Kaiyuan var ein nydeleg stad så her fylgjer nokre fleire bilete inntrykk frå overnattingsstaden:

I bakrunnen her ser de ein liten fjelltopp:) det var mange av dei, og når me gjekk ut på tur fant me ein pagoda og andre bygningar på toppen av eit av fjella, som me hadde ein fantastisk treningstur til neste dag:) 
 Det var akkurat så fredeleg og idyllisk som det ser ut...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar