Sider

lørdag 12. mai 2012

Hipp hipp hurra!

Då har me feira 17. mai, og kan melda om strålande vèr (25 grader, overskya og takk og pris for ein grei vind som gjorde at bunaden fekk vera på heile festen). Klubb Norge Shanghai arrangerte 17. mai-fest i dag då det på den ekte 17. mai er full arbeidsdag, skuledag osv og lite tid for slike festligheiter. Det var kring 250 norske samla på The Emerald (eit compound på andre sida av elva for oss, ca 30 min å køyra), og store og små hjerter gleda seg over ein flott feiring: 



Tog hadde me: 


og korps (men ikkje drill...): 



og mange som fulgte etter. Solveig har i forbredelsane ikkje berre friska opp "Ja vi elsker", men også "hipp hipp hurra, Vammen er bra, vi skal ha fest, Vammen er best!" :) (Barnehageslagordet frå ifjor) 



Det var stelt i stand for ein skikkeleg hagefest: 


 og ein flott bufè med både grillmat og kaldmat:

du kan trygt kome hit på neste 17. mai onkel Arild, for me har kjempegode pølser her og!: 


 Barnekoret underholdt med nokre songar under stødig leiing av Janicke:


 og så var det herligt å få av bunaden etterkvart og ta fatt på leikane!

Gløymde ikkje å ta bileter av Fredrik for dei som lurer, men han fekk ikkje vere med på morroa i dag då han måtte holda seg heima og bli frisk.

1 kommentar:

  1. Flotte bilder fra 17. mai og sååå fine barn. Ser ut som en vellykket dag:)

    SvarSlett