Sider

lørdag 5. mai 2012

Hit, men ikkje lengre

To veker sidan forrige besøk, så igår var det tid får å vitja barneheimen igjen. Kjennest som at det varmare veret gjer at livet til dei små barna, og spesielt dei som er istand til å gå sjølv, betre. Dei får vandra litt meir rundt om i gangane og mange blei tatt med ut på leikeplassen på taket. Guten eg traff fyrste gong sist, møtte oss i gangen når me kom opp trappene, og når me opna denne døra (meir som ei grind, ei slik som er på bilete nedom ut til gata) spaserte han rett ut, målretta og bestemt. Veit ikkje om han er heilt blind, men det er ihvert fall ikkje langt ifrå. Men han skulle gå i trapper, det var sikkert og visst, me gjekk opp og ned og opp og ned og opp....:
Han var skikkeleg flinkt til å koma seg fram. Han prata godt, og eg klarte å fortelja kva eg heitte og han sa navnet sitt til meg:) Det var jo så fint at eg måtte tørka nokre tårer. Denne guten skulle vore i ein barnehage el på dagtid (som selvfølgeleg alle borna skulle vore, ein annan stad nokon timar kvar dag for ei type meir stimulering enn slikt som kun held dei i live...). Men det var veldig kjekt å sjå at når nokon av dei ansatte gjekk forbi oss i gangen, sa alle hei til denne guten og tulla litt med han, trur det var noko slikt som "eitt to eitt to ein støvel og ein sko" og så trampa dei litt i golvet og smilte.

Det var denne dagen, som me har opplevd andre gonger, mange kinesara på besøk. Denne gongen traff eg nokon som prata engelsk og eg fekk høyra at dei kom til barneheimen ein gong pr månad i arbeidstida si, forstod det som at dette var noko arbeidsgivaren gav dei fri til i arbeidstida for. Det var veldig gledeleg. Er jo ikkje noko betre  enn om dei lokale bryr seg om desse borna. Dei blir jo her, medan me er er i korte periodar og plutseleg reiser me for godt...

Å gå i trapper med den flotte guten var fint, når me kom ned i fyrste etasjen, ville han gjerne ut, men det kunne me ikkje. Me har spurt om me kan få ta med nokon born ut, og har forstått det slik at me kan det i gitte tidsrom om me avtalar på førehand, så me jobbar vidare med å få til det i nær framtid.

Siste tida av denne dagens besøkstid, tilbrakte eg inne på eit anna rom enn eg vanlegvis er. Det var større born på dette rommet, og mange urolige born. Det var kun ei ansatt der medan eg var der, og ho har jo ansvar for å få i alle ungane mat, kanskje 15... ho jobba hardt og fort, og det er vondt å sjå at borna er ein jobb og ikkje eit lite born. Men ho gjer dette kvar einaste dag og fleire gongar om dagen, og er kanskje både sliten og lei. Me var 4 andre som hjalp til å mate ved dette måltidet, korleis det var ved neste måltid veit eg ikkje.

Eg måtte eg gå før tida vår var brukt opp, då eg skulle rekkja "Mothers love lunsj" på skulen til ungane (morsdag er på ei anna tid her enn me er vant til, så no får me det 2 gongar i året:)). Dei invitert inn i klassen og hadde øvd på eit lite program for oss som kom med song og nokre få gloser dei framførte ein og ein. For meg som mamma var det jo så flott og morro og rørande og alt. Men å kome rett frå barneheimen er så kontrastfylt. Som mange dagar her, eigentleg dei alle fleste, så blir eg påminna kor godt me har det, kor heldige me er og kor heldige ungane våras er. Eg trur at vår plikt då er å setje pris på det, og ikkje heile tida sjå det som er feil, skulle vore anleis osv i våras liv.

1 kommentar:

  1. Takk Arna, Vi trenger å bli minnet på at vi har ingen ting å klage for. Jeg beundrer dere for at dere lyser opp hverdagen for disse barna som ikke har trukket vinnerloddet ennå.

    SvarSlett