Sider

søndag 13. mai 2012

Jianhe Lu Wet Marked

Fekk gleda av å vera med på lokalt wet marked på utsida av Green Valley i dag. Har vore i Kina ei stund no, så det går greit å gå innom desse stadene. Fristar absolutt ikkje å handla mat her (ok, frukt er greit), men det var mykje anna som frista. Ingen stor fangst i dag, men crocs look alike på meg og Fredrik til henholdsvis 20 og 25 rmb:) 

Fyrst trefte me på ein skomakar som jobbar medan kunden ventar: 
Lite innblikk i ting og tang "avdelingen": 
Det er eit rikholdig utval av kjøtt, alt ligg framme i romtemperatur (idag var det greit med 22 grader...) utan tildekking, og om du vil kjenne på kjøttet, er det fritt fram for det og:
Oppi desse kassane bortover er det fult av døde og levande skapningar, kan nevne fisk, ål, krabbar, reker, 
og skilpadder, froskar, tea eggs og Calvin KlAin underbukser...:)
Innimellom sit dei som driv dei ulike "butikkane" og kosar seg med middagen sin. Denne mannen tok ein skål til fotografen. Han fekk etterpå sett bileta av seg sjølv og var veldig nøgd: 
Her er det ei høne som akkurat har gått frå levande til død...
Og den blei ivrig visst fram til nyskjerrige dog særs skeptiske små born...:) (hadde rygga eg og om ho hadde gått etter meg!)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar