Sider

torsdag 10. mai 2012

Kaffityrst?

Det bugnar av stader å kjøpe kaffi rundt oss her, god kaffi! Men så snart ein rører seg litt ut av Shanghai, så blir tebodet ganske mykje dårligare... Då er det te som gjeld. På tur ut av byen forrige helg, måtte me ha ein stopp for å gjera nødvendige ærend, samstundes hadde det smakt skikkeleg godt med kaffi. På vår side av motorvegen, var det ikkje mogleg å kjøpe kaffi, men på andre sida var det store skilt med reklame om kaffi, så me tok oss tid til å kome oss over på andre sida (gangtunell under vegen...). Og når me fyrst var komen så langt, så kunne me ikkje gje oss når me skjøna at kaffikokinga kom til å ta litt tid...: 

Men cappucino fekk eg til slutt, og den smakte godt! Men me har bestemt at ved neste tur ut av byen, så kjøper me kaffi før me forlet gata me bur i, så sparar me ein time i reisetid...:)

Er det nokon som lurer på vèret hjå oss om dagen, så kan de kikka litt her:
Skal feira 17 mai på sundag, ser ut som det kan bli ein varm fornøying om bunaden skal på...:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar