Sider

tirsdag 15. mai 2012

Lupu Bridge

Veldig nøgd med at eg igår fekk vore på ein ny turistattraksjon her i Shanghai, Lupu Bridge. Har køyrt over den mange gonger, og sett at det er trappetrinn som fører opp til toppen:
Brua blei opna i 2003 og var då den lengste bue brua i verden. Den mista imidlertidig den rekorden til ei anna bru her i Kina, Chaotianmen Bridge,  med 2 meter i 2009...

Det er 367 trappetrinn som fører opp til observasjonsdekket:
 Var ikkje den klaraste dagen i Shanghai, men heller ikkje den verste..., litt av utsikten frå toppen:
Her er Linn i godt driv på veg mot toppen. I bakrunnen ser de motorvegen som er slutten på Lupu Bridge, det er 3 felt i kvar køyreretning over:
Her er under brua. Lupu Bridge var ein super plass for sightsing. Den timen me var der, var det ingen andre turistar! det er luksus i dette landet:)
For betre bileter av brua, så er det veldig flott å sjå på desse bileta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar