Sider

tirsdag 8. mai 2012

Opp Sutastigen i Shanghai

Etter å ha vore i Shanghai meir eller mindre i 8 månader, så var det fyrst no i helga me kan med sikkerheit sei at me merka luftforurensninga på kroppen. Sundag var ein flott sumardag med bortimot 35 grader og bra med luftfuktigheit... og me reiste på sykkeltur til Green Valley, vel 8 kilometer frå oss (bedt på grilling i hagen!:)). Etter endt tur heim, følte me oss dårlige... i pust og kropp. Etterpå når me sjekka målingane så var sundag ein av dei verste dagane anngåande forureining på lenge. Så med dette i mente, så fortset eg nok som før, med mesteparten av treningsøktene mine innomhus. 

Såg bileter på facebook i dag, der det var nypreparerte skiløyper frå Sjusjøen... Vel, vel, har det ikkje så verst her heller, har min gode venn,  ei slik stepmaskin, der eg får brukt både armar og bein:) og så er den jo så skånsom mot kne og anklar:) Eg får lett opp pulsen, så går for korte økter med høg intensitet, dei lengre turane får bli til ein kjem seg heim og ut i naturen! Her ser de utsikten min, kan de sjå toppen på Sutastigen i det fjerne??:) for det gjer nemleg eg.


Hadde tenkt på det ei stund, men det var fyrst etter ein god nabo tok meg med på trappetrening i eige hus, at den treningformen blei innført. Er jo heilt strålandes, slik at ein klarar å gå litt i motbakkar når ein kjem heim. Shanghai er som kjent paddeflatt. Så 40 etasjar med desse stega med x antal repetisjonar, får ein tru gjer godt for toppturmusklane:



Lars Petter har posta nokre bileter frå ein god dag (not..) med tankte på luftkvalitet frå Pudong flyplass der ein får lyst å ta fyrste fly heim her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar