Sider

onsdag 2. mai 2012

R.I.P ein stor idrettsmann

Har gått og lurt på fleire gongar kvar den symjehallen er der Alexander Dale Oen blei verdensmester her i Shanghai i fjor. Tenkt at det hadde vore morro å vore der inne, og sjekka ut om det gjekk an for folk i gata å symja der.

Stod opp lukkeleg uvitande om det tapet idrettsnorge og fyrst og fremst famile og vener til Alexander Dale Oen, hadde lidd siste døgnet. Var ganske sur sidan begge ungane byrja før 6 på morgonen i dag. 
Så litt seinare, kanskje kring kl 8 opnar eg datamaskina, kun nokre minuttar etter ringjer Lars Petter frå kontoret for å sjekka om eg har lest norske aviser... Ein får igjen satt livet i perspektiv. Det er så trist, trist, trist. Har lyst å lata att augo og øyra og så vakna på nytt og håpa at det ikkje var sant det eg nett hadde lest og høyrt. Og så tenkjer eg at søren og at det skulle skje akkurat når han dusja, og var åleina. Kvifor kunne det ikkje skjedd på golfbana der han kanskje kunne blitt redda dersom at osv osv... Det gjer stort inntrykk, me er veldig triste ikveld. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar