Sider

søndag 20. mai 2012

Tantebesøk

Slik som me har venta, har telt på fingrane på norsk, engelsk og kinesisk kvar dag ved frukostbordet heilt frå me trengde 4 hender. No er nedteljinga over og farmor, tante Marta og tante Gunhild er på plass:) Stor glede også å få fri frå skulen for å reise på flyplassen og ta imot besøket. Me kledde oss i kina finstasen og var ute i god tid, så stod me og såg på flya ei stund: 

 Men det blei lenge å venta, og etterkvart så mista nesten Solveig motet på at dei kom til å koma...:
 Men plutseleg så fekk me auge på farmor:)!!
Då blei det både jul og bursdag og alt mogleg på ein gong. Flotte gåver frå Vik og Svelvik, leikekameratar dagen lang og Fredrik veik ikkje frå farmor fyrste døgnet:)
Dei kom på ein nydeleg sumardag, litt blå himmel, sol og 26 grader. Medan tante Marta tok seg ein pust i bakken etter ei lang reis, så gjekk me andre og testa ut badebassenget:
 Og så er me igong med sightsing i Shanghai:

1 kommentar:

  1. Ser ut som det er tre spreke damer på tur:) Kos dere masse med besøk:)

    SvarSlett