Sider

torsdag 14. juni 2012

Ut på tur

I mangel på badetemperatur må me finna andre ting å fylla dagane med. Noko me har tenkt å bruka mykje tid på i summar, er tur i skog og mark, må jo ta igjen alt det tapte og koma oss godt vekk frå omgrepet "asfaltborn"... :) 

Solveig og Fredrik i fin aktivitet med å blåsa på løvetann: 

Målet var "utsikten", etter nokre meter med klatring i ulent terreng nådde me målet, fin utsikt mot Kroksåsen og Drammensfjorden:
Her frå deler av klatringa, Solveig fekk fleire gonger presisert at sidan ho trass alt hadde vore "Gaupe" i fjor i Vammen (barnehage) og at Fredrik berre hadde vore "Harepus", så var jo ho mykje flinkare til dette enn han, og det stemte ganske bra :



mandag 11. juni 2012

"Det er her eg bur"

Vel heima på Krok, og me kan melda om ein ganske mykje kjøligare dag enn dei meldingane eg har fått inn frå Shanghai i løpet av dagen. Ca 15 grader, men nok opp i 25 grader dei gongane sola har kome gjennom. Sett mykje blå himmel og blikkstille fjord, herligt!  

Reisa heim gjekk så fint atte. Det som kunne blitt ei krise, var ei fantastisk irriterande dame på siste flighten heim, København- Oslo. Det var blitt noko krøll med setereservasjonen vår, slik at tante Marta havna eit godt stykkje bak meg og ungane. Då blei Fredrik sitjande på vindaugeplass attmed ei framand dama (som stinka parfyme), noko som selvfølgeleg var totalt uaktuelt for han (pga parfymen???). Eg spurte høfleg, forklarte at eg reiste med to born, og at tanten min hadde havna lengre bak i flyet, om det gjekk greit for denne parfymedama om ho kune byte plass med tante Marta: "nei, det er så mye peeeees når jeg skal gå av flyet" Er det mogleg?? er det lov å sei slik? Eg hadde reist med desse to i x antal timar, for oss var klokka 1 om natta, osv osv, og så kunne ikkje denne dama sitje lengre bak i flyet då ho måtte vente nokre minutt ekstra før ho kom seg ut. Eg trudde ikkje mine eigen øyrer, og angrar skikkeleg på at eg oppførte meg ganske så greit mot ho på resten av turen, og angrar endå meir på at eg ikkje berre sperra vegen for ho, slik at ho måtte gå sist ut av flyet.... Når serveringa kom, så gjorde ho jo inntrykket av seg sjølv komplett ved å spørja "har du kald champagne?" 

Solveig og Fredrik vart henta av farmor og farfar på Gardermoen, og eg og Lars Petter reiste i bryllup:) : 
Solveig og Fredrik er lukkelege av å koma heim til huset og leikene og hagen. Ifylgje farfar så gjekk Fredrik seg ein runde kring huset, kikka på alt han kom over, så stod han tankefult og kikka utover sjøen og sa, "det er her eg bur" :)
 Trampolina måtte opp fyrste dagen:
 Her kikkar me etter krabbar:
 Badebrygga:
Solveig var veldig ivrig på å koma seg uti vatnet, men både eg og Fredrik tykte det var noko kaldt... Men legg merke til så stilt det er på fjorden!

onsdag 6. juni 2012

Shanghai Tower

Det er spennande å fylgja med på byggjingen av Shanghai Tower, og det er stas å kunne fylgja med på veksten frå vindaugo her me bur:) Eg posta eit bilete frå byggjinga sett frå leiligheiten vår i januar, og har no teke eit nytt bilete frå same stad. Det har skjedd bra mykje siste 4 månadane. Og fort må det jo gå framover og, då det skal stå ferdig i 2014: 

                                        
Byggjinga frå litt nærare hald: 
Om to år så står det altså eit bygg her, som skal rava 200 meter høgare enn det som er høgast til no (korketrekkjaren bakerst i bilete, også kalla Shanghai World Finance Center....)

For å sjå bileter av korleis det skal sjå ut til slutt, sjå her.

tirsdag 5. juni 2012

Xitang vannby og Tom Cruise

Xitang ligg 60 km sørvest for Shanghai og er ein flott vannby. I dag tok eg og tante Marta turen dit og fekk mange fine inntrykk: 
Tradisjonen tru, så er det lina opp med sykkeltaxiar med det same me kjem innforbi porten, samt ivrige sjåførar som vil selja oss ein tur. Og tradisjon tru, så går me rett på kvar gong...:)  Har hatt fine sightsingturar med sykkeltaxiar før, så også i dag:
 Inne i desse vakre trange gatene, kom me til denne døra:
og så høyrte me norsk musikk- Tir n`a noir! Måtte inn og sjekke kven som dreiv staden og om dei evt selde slik musikk der. Personalet var like godt i norsk som eg er i kinesisk, så fekk ikkje akkurat fram mitt bodskap. Fekk sjå på cd`en til slutt, og det var ei heilt ukjent forside med masse kinesisk skrift... Uansett, artig å høyre norske tonar ljome ut i gatene i Xitang!

Nokon gater er det god plass i, medan andre var ganske så trange:
 Sykkelsjåførane var også ivrige fotografar, så me fekk fleire bileter av oss to ilag:
og i fråvær av borna (?) og andre vestlige, så blei plutseleg eg og tante Marta spennande å ta bileter ved sidan av for kinesarane:)
 Xitang var kjempeflott! Nokon bileter som illustrerar idyllen, ro og fred:




Og så møtte me Tom Cruise! opptil fleire gonger- dog desverre kun i plakat form. Det var visste i denne byen at Mission Impossible 3 blei spelt inn, og sykkelmannen vår var svært ivrig i å fortelje og visa kvar og kor fort Tom hadde sprunge rundt i gaten her. Så i morgo kveld skal eg og tante Marta sjå på Mission Impossible 3!:)

mandag 4. juni 2012

Ettermiddag på The Bund

Med tante Marta på besøk var det laurdag ettermiddag tid for eit godt måltid nede ved elvebredden. Det er alltid stor stas når me får auge på perletårnet, og alle får god informasjon frå Fredrik kvar det er: 
 Alltid imponerande skyline...
 og alltid vanskeleg å få alle til å sjå på fotografen samstundes, men dette blei ikkje så verst:
Utsikt frå verandaen/ restauranten me var på, hadde bord til klokka 18, og fekk deretter med oss solnedgang og tilhøyrande lysshow:)




Solveig 5 år

Tenkja seg til at det er 5 år sidan Solveig kom til oss:) og no fem år etter bur me i Shanghai og har hatt fest for jenta vår. Stor stas med gassballongar: 
 men mest stas var det å gå halv dag på skulen og få vera heima og vera med å laga til til festen:
Hipp hurra for Solveig som har blitt fem år!!:)

God sommar små stjerner

Fredag var me på barneheimen til ny tid. Istadenfor å kome på føremiddagen, så skulle me koma på ettermiddagen. Pga logistikk utfordringar så blei eg køyrt dit i god tid, og blei sitjande på trappa utforbi og venta på at klokka skulle nærma seg 15. Ein av damene som jobbar der såg meg tilfeldigvis, og var ivrig på at eg ikkje skulle sitja ute og bli skitten, men at eg måtte koma inn. Me lurer kvar gong på kva dei som jobbar der tykkjer om oss. Nokon virkar sure (trøytte??), andre er blide når me kjem og går, medan dei fleste opplev eg som nøytrale i forhold til at me er tilstades. At denne dama, som er ein av sjefane der, smiler og pratar kvar gong (utan at eg forstår noko ting), velgjer eg å tolke positivt når ho inviterte meg inn mest ein time før eg eigentleg skulle vera der... 

Det er ei betre kjensle å vere der i sommarhalvåret, då dei fleste av dørene står opne og fleire av borna får gå rundt (sit ikkje fastbunde). Å kome på ettermiddagen var også betre då me fekk starta med å ta borna med ut på eit leikerom og på verandaen dei har der, istadenfor å starte med mating som eg tidligare har skreve mitt om. Etter at eg byrja å bli med på besøka hit, er det to born som ikkje er der meir på avdelinga eg er mest på (eine flytta heim sa dei, den andre har me ikkje funne ut av) og to nye som har kome til (desse tala er det eg har fått med meg). Dei to siste som har kome til, kvir eg meg litt ekstra for å møte... Tenk å vera ein frisk to åring, og frå den eine dagen til den andre bli plassert på ein barneheim, ein barneheim med resurrsar der det er dei fysiske behova av mat og kle som blir tilfredsstilt, og minimalt med omsorg, kjærleik og leik... Den eine jenta sat i  ein stol når eg kom inn. Stiv i kroppen og blikket rett fram. Eg sat meg ned og "prata" med ho, ingen respons. Etter ei lita stund løfta eg ho opp, og resten av tida eg var der denne dagen brukte eg på ho. Etter ein time byrja eg å få litt respons, ho lo og leika med lego, blei skikkeleg sint og furten når andre born kom bort og ville leika med ho eller med meg... 

Frå verandaen: 
 Her er Linn sin lille sjarmør, herligt å vera ute! På bilete ser leikeparken heilt super ut.
 Herlig jente, som var lei seg på byrjina av dagen,
 men som kvikna til etterkvart og var skikkeleg god på å byggje lego:
Linn har laga ein film om desse små stjernene i Shanghai, de kan kikka på den her:

lørdag 2. juni 2012

West Lake, Hangzhou

Siste stopp på turen vår forrige veka var Hangzhou. Byen blir skildra som ein av Kinas mest etablerte turistattraksjonar i "The Rough Guide", men reknar med at det er etter dei mest kjende tinga i og kringom Beijing... Hangzhou ligg 17 mil sørvest for Shanghai, og vel 1,5 time tok det for oss med tog. Inbyggjarantalet er i dag 6,2 million, så ein liten by i kinesisk målestokk...:) Marco Polo har visst sagt at Hangzhou er "the city of heaven, the most beautiful and magnificent in the world". Veit ikkje om eg kan vera heilt einig i det, men at det var vakkert der er det ingen tvil om. Me var ikkje så veldig aktive turistar, men hadde ein fin sykkeltur kring West Lake, og ein liten spasertur før avreise der me fekk tatt nokre bileter: 






Kan ikkje sei anna enn at inntrykket var imponerande, trass ein regntung dag er dette ein stad eg absolutt skulle hatt noko meir tid på. Om det blir ein neste gong, skal me definitivt ta ein tur med ein liten robåt på The West Lake!