Sider

mandag 4. juni 2012

God sommar små stjerner

Fredag var me på barneheimen til ny tid. Istadenfor å kome på føremiddagen, så skulle me koma på ettermiddagen. Pga logistikk utfordringar så blei eg køyrt dit i god tid, og blei sitjande på trappa utforbi og venta på at klokka skulle nærma seg 15. Ein av damene som jobbar der såg meg tilfeldigvis, og var ivrig på at eg ikkje skulle sitja ute og bli skitten, men at eg måtte koma inn. Me lurer kvar gong på kva dei som jobbar der tykkjer om oss. Nokon virkar sure (trøytte??), andre er blide når me kjem og går, medan dei fleste opplev eg som nøytrale i forhold til at me er tilstades. At denne dama, som er ein av sjefane der, smiler og pratar kvar gong (utan at eg forstår noko ting), velgjer eg å tolke positivt når ho inviterte meg inn mest ein time før eg eigentleg skulle vera der... 

Det er ei betre kjensle å vere der i sommarhalvåret, då dei fleste av dørene står opne og fleire av borna får gå rundt (sit ikkje fastbunde). Å kome på ettermiddagen var også betre då me fekk starta med å ta borna med ut på eit leikerom og på verandaen dei har der, istadenfor å starte med mating som eg tidligare har skreve mitt om. Etter at eg byrja å bli med på besøka hit, er det to born som ikkje er der meir på avdelinga eg er mest på (eine flytta heim sa dei, den andre har me ikkje funne ut av) og to nye som har kome til (desse tala er det eg har fått med meg). Dei to siste som har kome til, kvir eg meg litt ekstra for å møte... Tenk å vera ein frisk to åring, og frå den eine dagen til den andre bli plassert på ein barneheim, ein barneheim med resurrsar der det er dei fysiske behova av mat og kle som blir tilfredsstilt, og minimalt med omsorg, kjærleik og leik... Den eine jenta sat i  ein stol når eg kom inn. Stiv i kroppen og blikket rett fram. Eg sat meg ned og "prata" med ho, ingen respons. Etter ei lita stund løfta eg ho opp, og resten av tida eg var der denne dagen brukte eg på ho. Etter ein time byrja eg å få litt respons, ho lo og leika med lego, blei skikkeleg sint og furten når andre born kom bort og ville leika med ho eller med meg... 

Frå verandaen: 
 Her er Linn sin lille sjarmør, herligt å vera ute! På bilete ser leikeparken heilt super ut.
 Herlig jente, som var lei seg på byrjina av dagen,
 men som kvikna til etterkvart og var skikkeleg god på å byggje lego:
Linn har laga ein film om desse små stjernene i Shanghai, de kan kikka på den her:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar