Sider

lørdag 2. juni 2012

West Lake, Hangzhou

Siste stopp på turen vår forrige veka var Hangzhou. Byen blir skildra som ein av Kinas mest etablerte turistattraksjonar i "The Rough Guide", men reknar med at det er etter dei mest kjende tinga i og kringom Beijing... Hangzhou ligg 17 mil sørvest for Shanghai, og vel 1,5 time tok det for oss med tog. Inbyggjarantalet er i dag 6,2 million, så ein liten by i kinesisk målestokk...:) Marco Polo har visst sagt at Hangzhou er "the city of heaven, the most beautiful and magnificent in the world". Veit ikkje om eg kan vera heilt einig i det, men at det var vakkert der er det ingen tvil om. Me var ikkje så veldig aktive turistar, men hadde ein fin sykkeltur kring West Lake, og ein liten spasertur før avreise der me fekk tatt nokre bileter: 






Kan ikkje sei anna enn at inntrykket var imponerande, trass ein regntung dag er dette ein stad eg absolutt skulle hatt noko meir tid på. Om det blir ein neste gong, skal me definitivt ta ein tur med ein liten robåt på The West Lake!

2 kommentarer:

  1. Det ser helt fantastisk ut! Håper jeg får anledning til å dra dit en gang :)

    SvarSlett
  2. Hei Simone. Absolutt fantastisk! ein ting som ikkje kjem fram på bileta er at det var rimeleg mykje folk der...og det trur eg det alltid er. Men ein tur på sjøen i eigen båt tur eg hadde vore heilt strålande.

    SvarSlett