Sider

fredag 27. juli 2012

På treningssamling i Vik

Vik har fantastiske treningsmoglegheiter, ikkje berre til lands men også til vanns. I alle år har eg så godt som kun nytta meg av moglegheitene til lands men sidan Berit, eldste syster, skal delta i årets Norseman, har symjing i Sognefjorden blitt introdusert for meg som ein heilt naturleg treningsform....

For dei uinnvidde, så er Norseman eit av verdens hardaste triathlon (!?). Det startar med 3,8 km symjing i Hardangerfjorden, etterfulgt av 18 mil på sykkel og avsluttar med HEILmaraton (!!) der målgangen er på Gaustatoppen 1850 mho. 

Vikjabukti frå naustet og over til andre sida er ca 900 m, så tur retur 1800 som var mitt mål for turen, det ser ganske langt ut når ein står og ser over til andre sida, og eg lovar at det er ganske langt når ein ligg midt ute der og plaskar og føler ein ikkje kjem seg av flekken: 
Fyrste turen eg var med på, var det to norseman-kvinner og to vanlig dødlige som var med, her er me etter at me har snudd og er på veg attende til naustet:
 
Forrige bilete laug litt, for der såg det ut til at me sumde ilag alle 4, dette neste bilete gir eit meir korrekt bilete av styrkeforholda ute i vatnet: Berit i einsom majestet i tet: 
 og ho ser ikkje trøytt ut i det heile etter å ha symd tur-retur to gonger, altso 3,8 km:
 Når me møter denne båten, blir me ganske så små og usynlige...
Så då er me lukkelege over å ha diverse fylgjebåtar som passar på og gjer at Sognebåten må svinge forbi oss om me ikkje har klart å fylgja timetabellen heilt:


Her er eg og Berit etter dagens symjeøkt. Eg med ny våtdrakt for anledningen, og med ein slik på kan eg berre seia at symjing i fjorden er heilt super trening! berre litt kaldt på hendene...






torsdag 26. juli 2012

Finnabotn og Arnafjord

Med lånt båt og ein grei sumardag i Sogn, reiste me på båttur med Finnabotn som mål. Om det er litt vind og små bylgjer på Sognefjorden, er det mest alltid heilt stilt inne i Finnabotn. 
Kasper prøver fiskelykka: 
 Finden, fjorden er så still at ein kan spegla seg:
 Nærmar oss Finnabotn:
Så har me gått i land, her var det tidligare moglegheit for overnatting og kjøp av mat/ drikke, men no er  staden lagt ut for sal. Undrar meg på kven som har gått ifrå skodna sine her på kaien:)
Etter Finnabotn, tok me turen inn i Arnafjord:

Me gjekk i land på Nese. Her står Solveig og Kasper og diskuterar fisking eller noko anna som opptok dei denne dagen:
Tidligare landhandel, som no held ope av og til (fant ikkje opningstider på døra) medan varebeholdningen er nok ein del anleis enn i dei dagar det var ope kvar dag:
 Vegen som går opp frå landhandelen på Nese og som ein kjem til Vik om ein køyrer ein god halvtime:
 Her var det sagbruk i "gamle" dagar:

lørdag 21. juli 2012

Kyrelvi

I dag er det 10 grader ute og regn. Me sit inne i stova og har fyrt i ovnen... Då må ein leva godt på dei nydelege dagane ein har hatt så langt. Igår var me på ein ettermiddagstur til Kyrelvi. Det er fantastisk utsikt og lika fantastisk natur :) 

Kyr er kjempemorro, litt skummelt, meg greit så lenge ein er på kvar si side av gjerdet:) 
Utsikt mot Vik: 
 og utover Sognefjorden:
 her renn Kyrelvi utfor stupet:
 Det er fint å bada litt lengre inn, men kaldt!
For å få varmen i kroppen etter isbadet sprang me innover på flotte stiar:
og leiken gjekk av seg sjølv, her er ulveflokken samla:

fredag 20. juli 2012

Båttur til Balestrand

Ein flott solskinsdag i Sogn og me hadde avtalt å ta turen til Balestrand for å testa ut Ciderhuset. Fekk anbefalt staden av ein utflytta Balestrending (innflytta til Vik) og det var ikkje vanskeleg å be med folk. Berit og Morten stilte med farkost og så kunne me vinka hadet til nausta og feia over fjorden: 

Ca halve gjengen som er på tur, eg pakka meg godt inn i boblejakke for anledningen og fekk ein del pepper for det, men eg angra ikkje verken på vegen til eller heimatt.... Vik i bakrunnen:
Kapteinen sjølv:)
Ciderhuset var heilt strålandes, supert vertskap, nydeleg og spennande mat og god drikke. Dei lagar alt av drikkevarer sjølv og her er smaksprøvar av deler av produksjonen, ulike eplebrennevin:
 Ein av hovudrettane, vegetarburger med bl.a. squash og fetaost, nammm
Etterpå gjekk me forbi Kvikne Hotell på veg attende til båten, og det var heilt naturleg å ta ein stopp på verandaen der, gutane hadde stor glede av god servering:
 Medan me jentene såg på utsikten:)
 Vik sett frå verandaen på Kvikne Hotell, den vakraste staden eg veit:)

onsdag 18. juli 2012

Ferie til fjells

Det er stor stas å reisa på hyttetur, og gleda er endå større for store og små når dei små har godt lag i kvarandre:) Ettersom sumarveret ikkje har vore av det allerbeste slaget hittil i år (klagar ikkje altso! kanskje mest for at me veit at når august går mot slutten skal me attende til Shanghai og kring 35 varmegrader ein månadstid...) er det supert å ha alternative bademoglegheiter. Så når me er på Gaustablikk har me eit alletiders badeland på Rjukan der ein kan slå i hel nokre timar eller ein heil dag, alt ettersom. Kameraet var ikkje med på badet, men me fekk knipsa eit bilete av dei ivrigaste badarane når me henta att litt krefter med ein god is: 
Utover dagen letta skyene litt og det var tid for utanomhus aktivitetar. Her karane i flokken klar for litt off road sykling:
Medan andre øvde att og fram og att og fram og att og fram i vegen i håp om å få bli med "off road" om ikkje så lenge:
Er ikkje så verst å ta på andre sko heller då og ta beina fatt oppe på fjellet, her har me nådd ein topp og kan stolt visa fram Gaustatoppen i bakrunnen:
 Heilt supert å springa på stien, balansera over små bekkar, bestiga vardar og leika at ein er ute og flyr:

 Utsikt ned mot Rjukan;
På kvelden kom det litt dropar att som kjempa mot soli, det gjorde at me fekk ein av sumarens flottaste regnbogar så langt:

mandag 2. juli 2012

Sommarlykke

Sommarlykke er... blandt anna å få besøk av syskenbarn frå Vik! 
Sara og Kasper har vore på Krok i to veker. Det var store forventningar forut, og lukka blei ikkje mindre når dei kom ut av bilen ein sein sundagkveld. Dagen derpå starta med vannpistolkrig....: 
 Den store runde huska er det stendig kamp om, men når ein er gode venner er det plass til alle:
 Fotballfoten fekk prøvd seg:
 Og maten smakar alltid ekstra godt i godt lag: