Sider

fredag 20. juli 2012

Båttur til Balestrand

Ein flott solskinsdag i Sogn og me hadde avtalt å ta turen til Balestrand for å testa ut Ciderhuset. Fekk anbefalt staden av ein utflytta Balestrending (innflytta til Vik) og det var ikkje vanskeleg å be med folk. Berit og Morten stilte med farkost og så kunne me vinka hadet til nausta og feia over fjorden: 

Ca halve gjengen som er på tur, eg pakka meg godt inn i boblejakke for anledningen og fekk ein del pepper for det, men eg angra ikkje verken på vegen til eller heimatt.... Vik i bakrunnen:
Kapteinen sjølv:)
Ciderhuset var heilt strålandes, supert vertskap, nydeleg og spennande mat og god drikke. Dei lagar alt av drikkevarer sjølv og her er smaksprøvar av deler av produksjonen, ulike eplebrennevin:
 Ein av hovudrettane, vegetarburger med bl.a. squash og fetaost, nammm
Etterpå gjekk me forbi Kvikne Hotell på veg attende til båten, og det var heilt naturleg å ta ein stopp på verandaen der, gutane hadde stor glede av god servering:
 Medan me jentene såg på utsikten:)
 Vik sett frå verandaen på Kvikne Hotell, den vakraste staden eg veit:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar