Sider

onsdag 18. juli 2012

Ferie til fjells

Det er stor stas å reisa på hyttetur, og gleda er endå større for store og små når dei små har godt lag i kvarandre:) Ettersom sumarveret ikkje har vore av det allerbeste slaget hittil i år (klagar ikkje altso! kanskje mest for at me veit at når august går mot slutten skal me attende til Shanghai og kring 35 varmegrader ein månadstid...) er det supert å ha alternative bademoglegheiter. Så når me er på Gaustablikk har me eit alletiders badeland på Rjukan der ein kan slå i hel nokre timar eller ein heil dag, alt ettersom. Kameraet var ikkje med på badet, men me fekk knipsa eit bilete av dei ivrigaste badarane når me henta att litt krefter med ein god is: 
Utover dagen letta skyene litt og det var tid for utanomhus aktivitetar. Her karane i flokken klar for litt off road sykling:
Medan andre øvde att og fram og att og fram og att og fram i vegen i håp om å få bli med "off road" om ikkje så lenge:
Er ikkje så verst å ta på andre sko heller då og ta beina fatt oppe på fjellet, her har me nådd ein topp og kan stolt visa fram Gaustatoppen i bakrunnen:
 Heilt supert å springa på stien, balansera over små bekkar, bestiga vardar og leika at ein er ute og flyr:

 Utsikt ned mot Rjukan;
På kvelden kom det litt dropar att som kjempa mot soli, det gjorde at me fekk ein av sumarens flottaste regnbogar så langt:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar