Sider

fredag 27. juli 2012

På treningssamling i Vik

Vik har fantastiske treningsmoglegheiter, ikkje berre til lands men også til vanns. I alle år har eg så godt som kun nytta meg av moglegheitene til lands men sidan Berit, eldste syster, skal delta i årets Norseman, har symjing i Sognefjorden blitt introdusert for meg som ein heilt naturleg treningsform....

For dei uinnvidde, så er Norseman eit av verdens hardaste triathlon (!?). Det startar med 3,8 km symjing i Hardangerfjorden, etterfulgt av 18 mil på sykkel og avsluttar med HEILmaraton (!!) der målgangen er på Gaustatoppen 1850 mho. 

Vikjabukti frå naustet og over til andre sida er ca 900 m, så tur retur 1800 som var mitt mål for turen, det ser ganske langt ut når ein står og ser over til andre sida, og eg lovar at det er ganske langt når ein ligg midt ute der og plaskar og føler ein ikkje kjem seg av flekken: 
Fyrste turen eg var med på, var det to norseman-kvinner og to vanlig dødlige som var med, her er me etter at me har snudd og er på veg attende til naustet:
 
Forrige bilete laug litt, for der såg det ut til at me sumde ilag alle 4, dette neste bilete gir eit meir korrekt bilete av styrkeforholda ute i vatnet: Berit i einsom majestet i tet: 
 og ho ser ikkje trøytt ut i det heile etter å ha symd tur-retur to gonger, altso 3,8 km:
 Når me møter denne båten, blir me ganske så små og usynlige...
Så då er me lukkelege over å ha diverse fylgjebåtar som passar på og gjer at Sognebåten må svinge forbi oss om me ikkje har klart å fylgja timetabellen heilt:


Her er eg og Berit etter dagens symjeøkt. Eg med ny våtdrakt for anledningen, og med ein slik på kan eg berre seia at symjing i fjorden er heilt super trening! berre litt kaldt på hendene...






1 kommentar:

  1. Har nå oppdatert meg på bloggen, lenge siden jeg har vært innom. Så flotte bilder fra Norge og hjemstedet ditt Arna. Ser ut som barna også nyter tiden hjemme. Blir veldig kosleig å se dere igjen, vi kom tilbake i dag og her er det singlet og shorts vær. Var tom BLÅ himmel i dag med farge:) Kos dere tiden dere har igjen hjemme:) Hils LP og ellers kjente:)

    SvarSlett