Sider

fredag 31. august 2012

Stjerner i Shanghai

Det var lenge sidan sist og eg grua meg ganske mykje til å koma attende til barneheimen i dag. Linn laga i vår ein liten filmsnutt frå barneheimen og kalla den "Stjerner i Shanghai" og det var ein så fin tittel at eg lånte den i dag:)

Sidan sist hadde alle fått (lik) hårklypp, mista madrassene i sengene sine og fått handkle til dyne. Alt dette nok pga varmen som har herja her siste månadane. Håpar at madrassene er tilbake om ikkje så lenge, det er hardt å liggja rett på plankane i senga når ein trass alt tilbringer det meste av døgnet der... For min eigen del var det mest ikkje til å tru kor stor forskjell det er på Jensen-senga vår i Norge og den me har her... følte jo at det var rett på plankebitar. Men har høyrt at det er bra for ryggen og liggja hardt innimellom....?

Når me kom i dag var dei aller fleste oppe av senge sine, fleire fekk gå fritt kringom, dei andre sat i stolane sine med eller utan filleryer som bandt dei fast til stolen (nokon er bunde rundt magen, andre rundt føtna og nokon om håndleddet). Desse to sat og kikka stille kringom seg, jenta i rosa såg veldig på sollyset som traff ho akkurat i fjeset når ho snudde seg mot vindauget.
Her er dei to jentene eg har skreve om før, dei er heilt friske og er her angiveleg då foreldra er i fengsel. Eg var så urolig før eg kom i dag, lurte på om dei framleis var der og om dei var blitt veldig apatiske, men dei var ikkje det! Dei gjekk rundt på golvet og virka til å vera i god form. Om dei prøvde seg på nokon spilloppar som å kasta ein leike i golvet, fekk dei fort og hard tilsnakk og grein når dei måtte setja seg i skammekroken. Dei kranglar om dei same leikene og om oppmerksomheiten vår - akkurat som andre born:) 
Såg fort at ein av dei hadde neglelakk på fingrane sine, og når eg snakka til ho om det, var ho rask med å visa meg eine foten sin, og så den andre:) Eg håpar det var teikn på at ho har vore heime el i løpet av sumaren! :
Eg søker mot det same rommet kvar gong. Har vore innom eit par andre rom, men det er på det rommet eg var fyrste gongen eg ynskjer å vera. Der kjenner eg ansikta på dei fleste av borna og eg veit akkurat kva som ventar meg. Om me hadde fått kome oftare eller vore lengre, skulle eg gjerne vore innom til dei større borna og. Her ser de gangen inn til rommet kor eg går, guten som sit nermast i ein stol er bunden både på hender og føter, og så står fleire av stjernene i sengene sine og ser etter oss når me går: 
Det er mange ting som skjærer i hjerta og som eigentleg ikkje er til å halda ut å sjå på. Og så er det andre ting som lettar litt på dette, når dei smiler og ler, strekkjer armane mot meg og gir meg ein kos når eg held dei på fanget.

onsdag 29. august 2012

Jing Ming Art Gallery Display

Eg byrjar å kome godt inn i kvardagen i Shanghai igjen. Inntil vidare er det "pause" i kinesisktimane så eg har alle 5 dagane i veka til fri disposisjon. Etter halv dag på skulen for ungane på mandag, er det no bestemt at det ikkje finst noko som heiter halv dag lengre (dei spør kvar morgon fyrst om dei verkeleg måååå på skulen, deretter om dei kan få ha halv dag...) og tida frå kl 9.30 til 15.00 er min til fri disposisjon:) Det er luksus. Dagane har allereie fylt seg godt opp og eg har det frykteleg travelt. Sidan me ikkje har noko "husmorvikar" lengre må eg også leggja inn tid for både meir matlaging og rydding og vask av klær osv sjølv... Det er jo kjedeleg, men me har jo "housekeeping" to gonger i veka inkludert i husleiga her, så det skal nok gå greit! 

I dag forsov me oss, skulle vera på politistasjonen for å ordne med nytt visum 9.30, og klokka 8.55 såg eg på klokka og kunne vel ikkje heilt tru det eg såg men ikkje høyrte... ingen born var oppe og eg sprang rundt og fekk liv i leiren. Då er det heilt eineståande med gode naboar som driv med akkurat det same som oss. Siri som bur 4 etasjar over oss skal levera sine to gutar på same skule til same tid, så 9.05 hadde me fått på ungane klede, smurt ei skive i handa, drukke eit glas mjelk og dei blei lempa inn i bilen til naboane og me kom oss til politiet til og med 10 min før avtalt tid... Er jo slik at om ein har det travelt så rekk ein mykje meir enn om ein har all tid i verda... Så no kryssar me fingrane og håpar at me får lov å bli her eit år til. 

Etter at visumsøknaden var sendt, var det tid for nye markeder. Møtte 4 andre norske på "Painter`s street" eller Jing Ming Art Gallery Display som skiltet sa. Det var ei ganske brei gate med små lokaler på begge sider og oppover i bygningane som låg rundt, med sal av maleri og trykk i hyggjelege prisklassar, kvalitetar og alle storleikar: 
Fant mang ein godbit, og må straks attende for å sikre meg nokon skattar for å ha med attende til Krok. 
Er på jakt etter bileter frå Shanghai og Kina, så kanskje ein budda hadde vore fint å ha på veggen...?: 

mandag 27. august 2012

Attende i austens rike

Så var me attende i Shanghai. Er jo slik at om ein tenkjer framover så verkar tida å vere såååå lang, men ser ein bakover så er det som å knipsa i fingrane. Og no kjennest det som me har knipsa i fingrane eller blinka med augene, vips var sumaren over og me er tilbake. Til og med flyturen kan skildrast på dette viset. Beste flyreisa nokon gong, reisa generelt. Ingen krangling (mellom ungane alstå... he he), ingen forsinkelsar og alle fira sov godt eller mindre godt mesteparten av flighten frå København til Shanghai:) 
Ja så må eg leggja til, eg blir jo i strålandes humør av å reisa med ein som reiser meir enn oss andre og med dei fordelene det gir. Ingen venting for innsjekk, rett gjennom "fast track" på sikkerheitskontrollen på Gardermoen, og sidan me hadde god tid (då me som sagt ikkje stod i kø eit minutt) var me innom sas-loungen og fylte på med mat og drikke og aviser før ferden starta. Dette i kontrast til dei reisene eg har hatt åleina med ungane, då er det ikkje snakk om å nyta fordeler av at mannen har gullkort med star allianse...

Fredrik oppdaga kameraet på Kastrup, så her nokre glimt frå reisa sett frå barneauga: 
Han likte gensaren som Solveig fekk frå ein god ven heima "me and you" :)
 Det var eigentleg flyet me skulle på som skulle avbildast...:
 Me gledar oss til den lange flighten:

Solvieg har masse masse masse spørsmål, 
1) når vi går på do og tisser, går tisset rett ut av flyet da?
2) kan vi stå på skyene? hvorfor ikke? 
3) hvorfor heter det DanMARK- mark- ?? er det en mark? 
mmmmmm, unerholdning undervegs. Berre om ågjera å ikkje bli lei av å prøva å gje gode svar. 

Kom til Shanghai sundag føremiddag, mykje blå himmel og lite trafikk på vegane. Me var spente på å sjå kor høgt den nye høge huset var blitt, straks på høgd med Jin Mao, litt igjen til World Financial Centre, og skal deretter voksa kring 200 m.... skal stå ferdig i 2014...


mandag 6. august 2012

Norseman i boks

Så var det gjordt, Berit har gjennomført norseman og fått den svarte trøya som har vore målet gjennom siste årets store treningsinnsats. Medan eg måtte holda meg heima og jobba nattevakter, så reiste resten av familien til Gaustablikk for å fyljga Berit på ferdenn frå Eidfjord til Gaustatoppen. Eg fulgte med live på nettet og etter endt soving fekk eg oppdatering frå Lars Petter og mammen pr tlf kvart 10-20 min. Det var såååå spennande! Det starta kjempebra, symjinga gjekk som planlat. Sykling i motbakkar var heller ikkje noko problem og dei frykta nedoverbakkane gjekk mykje betre enn ein skulle tru (det einaste eg slår Berit på er sykling i nedoverbakkar...:)). Regnet holdt seg vekke så då vart det litt mindre bruk for bremsane:).

Her står supportsjefen, Morten, og ventar på at Berit skal koma til veksling i Tinn Austbygde og skifta frå sykling til springing: 
Her kjem Berit i godt driv:
Litt stiv og støl i kroppen kan ein sei, men no er det "berre" at 42 km på beina og 1850 m stigning dei siste 2 mila så er målet nådd:
Berit i godt driv langs Tinnsjøen:
 Her skuer ho opp til målet, Gaustatoppen.....
Deler av supportgjengen byrjar å bli litt slitne av dagens strabasar og tek seg ein velfortjent (?) kvil i bakken:
Så var det bakkane, plutseleg sa det stopp og Berit var heilt tom for krefter, då var det "berre" 2 mil att.... Då var det jobben til supportarane verkeleg vart viktig. Morten motiverte og motiverte og motiverte, alle heia alt dei kunne men alle var litt (masse...) urolig for om ho skulle klara å ta seg heilt til toppen...
 MEN, all tvil gjodt til skamme, Berit klarte det! Gratulera!! me er så stolt av deg.
Lærte nok mykje av årets deltaking, så spørst om det må gjerast ein gong til så ein kan optimalisera matinntak og fordela kreftene enno betre til neste år. Gratulera til teamet: