Sider

onsdag 29. august 2012

Jing Ming Art Gallery Display

Eg byrjar å kome godt inn i kvardagen i Shanghai igjen. Inntil vidare er det "pause" i kinesisktimane så eg har alle 5 dagane i veka til fri disposisjon. Etter halv dag på skulen for ungane på mandag, er det no bestemt at det ikkje finst noko som heiter halv dag lengre (dei spør kvar morgon fyrst om dei verkeleg måååå på skulen, deretter om dei kan få ha halv dag...) og tida frå kl 9.30 til 15.00 er min til fri disposisjon:) Det er luksus. Dagane har allereie fylt seg godt opp og eg har det frykteleg travelt. Sidan me ikkje har noko "husmorvikar" lengre må eg også leggja inn tid for både meir matlaging og rydding og vask av klær osv sjølv... Det er jo kjedeleg, men me har jo "housekeeping" to gonger i veka inkludert i husleiga her, så det skal nok gå greit! 

I dag forsov me oss, skulle vera på politistasjonen for å ordne med nytt visum 9.30, og klokka 8.55 såg eg på klokka og kunne vel ikkje heilt tru det eg såg men ikkje høyrte... ingen born var oppe og eg sprang rundt og fekk liv i leiren. Då er det heilt eineståande med gode naboar som driv med akkurat det same som oss. Siri som bur 4 etasjar over oss skal levera sine to gutar på same skule til same tid, så 9.05 hadde me fått på ungane klede, smurt ei skive i handa, drukke eit glas mjelk og dei blei lempa inn i bilen til naboane og me kom oss til politiet til og med 10 min før avtalt tid... Er jo slik at om ein har det travelt så rekk ein mykje meir enn om ein har all tid i verda... Så no kryssar me fingrane og håpar at me får lov å bli her eit år til. 

Etter at visumsøknaden var sendt, var det tid for nye markeder. Møtte 4 andre norske på "Painter`s street" eller Jing Ming Art Gallery Display som skiltet sa. Det var ei ganske brei gate med små lokaler på begge sider og oppover i bygningane som låg rundt, med sal av maleri og trykk i hyggjelege prisklassar, kvalitetar og alle storleikar: 
Fant mang ein godbit, og må straks attende for å sikre meg nokon skattar for å ha med attende til Krok. 
Er på jakt etter bileter frå Shanghai og Kina, så kanskje ein budda hadde vore fint å ha på veggen...?: 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar