Sider

fredag 31. august 2012

Stjerner i Shanghai

Det var lenge sidan sist og eg grua meg ganske mykje til å koma attende til barneheimen i dag. Linn laga i vår ein liten filmsnutt frå barneheimen og kalla den "Stjerner i Shanghai" og det var ein så fin tittel at eg lånte den i dag:)

Sidan sist hadde alle fått (lik) hårklypp, mista madrassene i sengene sine og fått handkle til dyne. Alt dette nok pga varmen som har herja her siste månadane. Håpar at madrassene er tilbake om ikkje så lenge, det er hardt å liggja rett på plankane i senga når ein trass alt tilbringer det meste av døgnet der... For min eigen del var det mest ikkje til å tru kor stor forskjell det er på Jensen-senga vår i Norge og den me har her... følte jo at det var rett på plankebitar. Men har høyrt at det er bra for ryggen og liggja hardt innimellom....?

Når me kom i dag var dei aller fleste oppe av senge sine, fleire fekk gå fritt kringom, dei andre sat i stolane sine med eller utan filleryer som bandt dei fast til stolen (nokon er bunde rundt magen, andre rundt føtna og nokon om håndleddet). Desse to sat og kikka stille kringom seg, jenta i rosa såg veldig på sollyset som traff ho akkurat i fjeset når ho snudde seg mot vindauget.
Her er dei to jentene eg har skreve om før, dei er heilt friske og er her angiveleg då foreldra er i fengsel. Eg var så urolig før eg kom i dag, lurte på om dei framleis var der og om dei var blitt veldig apatiske, men dei var ikkje det! Dei gjekk rundt på golvet og virka til å vera i god form. Om dei prøvde seg på nokon spilloppar som å kasta ein leike i golvet, fekk dei fort og hard tilsnakk og grein når dei måtte setja seg i skammekroken. Dei kranglar om dei same leikene og om oppmerksomheiten vår - akkurat som andre born:) 
Såg fort at ein av dei hadde neglelakk på fingrane sine, og når eg snakka til ho om det, var ho rask med å visa meg eine foten sin, og så den andre:) Eg håpar det var teikn på at ho har vore heime el i løpet av sumaren! :
Eg søker mot det same rommet kvar gong. Har vore innom eit par andre rom, men det er på det rommet eg var fyrste gongen eg ynskjer å vera. Der kjenner eg ansikta på dei fleste av borna og eg veit akkurat kva som ventar meg. Om me hadde fått kome oftare eller vore lengre, skulle eg gjerne vore innom til dei større borna og. Her ser de gangen inn til rommet kor eg går, guten som sit nermast i ein stol er bunden både på hender og føter, og så står fleire av stjernene i sengene sine og ser etter oss når me går: 
Det er mange ting som skjærer i hjerta og som eigentleg ikkje er til å halda ut å sjå på. Og så er det andre ting som lettar litt på dette, når dei smiler og ler, strekkjer armane mot meg og gir meg ein kos når eg held dei på fanget.

1 kommentar:

  1. Så klart kan du låne tittelen "Stjerner i Shanghai", dette er våre stjerner det Arna!!! Det burde være de mest verdifulle stjernene til foreldrene av disse barna.... Trist trist trist!

    SvarSlett