Sider

onsdag 26. september 2012

Gatemat

Siri, nabo, har i lengre tid snakka om "lefsedama" i Wulumuqi Lu. Wulumuqi Lu er ei gata eit par kvartal frå oss, og der står ei kinesisk dama (det er forsåvidt tett i tett med valgmoglegheiter av diverse gatemat) og lagar og sel lefser. Siri er godt bevandra i gatematen her i Shanghai og seier at ho aldri har blitt dårleg (i magen) samt og at ho kun kjøper mat der det alltid er mange andre som og handlar (som er det beste og einaste kvalitetsstempelet me kan gå ut ifrå).  Så me lot oss overtala og var spente forut... 
Her er dama i full sving, står og steiker på ei takke: 
 For dei som har lyst å sjå matlaginga i levande live, så er her ein liten filmsnutt:
Lefsa var kjempegod! og kjenner at eg kjem til å gå dit fleire gonger til lunsj. Prisen var det jo heller ikkje noko å sei på, 3.50 rmb...

Litt lengre borti gata møtte me på denne mannen:
Han selde høner. Akkurat i det me gjekk forbi slakta han den siste levande han hadde med seg. Neste jobb på programmet for han då er å fjerna alle fjær... Opplevest jo heilt overveldande og gå forbi! eg tykkjer så frykteleg synd på desse dyra som får hovudet hogd av....

Ellers så er farfar i Svelvik 60 år i dag. Hipp hurra og mange gratulasjonar er sendt til Høyen!!

tirsdag 25. september 2012

Sykkelreperasjon

Kva gjer ein når sykkelen, bremser? gir? ...., sluttar å virka på slutten av ein lang arbeidsdag? Jo stoppar i eit gansek bra trafikkert kryss og finn fram verktøy som fylgjer med på arbeidsdagen og set igong med reprasjon: 
Har vore ein nydeleg dag, blå himmel, akkurat passleg varmt (kring 26 grader) og eit flott lys, og no er det måneskin ute. Ikkje kvardags i Shanghai å sjå månen, små gleder, store gleder:) og eg har avslutta dagen med ein sykkeltur i gatene heromkring:)

lørdag 22. september 2012

Shanghai expo park

Me hadde bestemt tur til Chongming Island i dag, som er Kinas tredje største øy som ligg ein god times køyring frå oss, og der ein må kryssa Yangtze River via bru og tunnell. Hadde gleda meg til å køyre over Yangtze River! men då dagens vær ikkje var heilt topp, klarte me ikkje å bestemma oss for kva me skulle gjera. I staden for å reise rett til Chongming Island, starta me heller med å gå på Apple butikken for å skaffa meg ny mobil. Iphonen min kræsja på morgonen, og det er jo meir eller mindre krise.... er begrensa kor lenge eg kan klara meg utan mobil generelt og spesielt her i Shanghai.... Så no er eg lukkeleg eigar av ein ny kvit Iphone 4S:) 

Etter Apple-butikken var me nære på å skaffe meir lego til husstanden og fortsetja ein sjeldan regnfull dag innanomhus. Men så klarte me, heldigvis, å få fram ein plan b, sjå kva expo-parken frå 2010 hadde å by på. Har sett på parken frå toppen av Lupu Brigde, og det såg flott ut frå lufta, og flott var den! For det fyrste var det så godt som ingen andre menneske der - uvanleg til ein park å vera i helg. Kanskje det skuldast "dårleg" vær. Og så var parken flott å gå i. Fine stiar, vegar, mykje gras og flotte blomsterbed, ulike former for kunst med javne mellomrom, og heile parken gjekk langs Huangpu elva, og me kunne skimte dei høgste tårna i Shanghai store deler av turen:
 Glade born på sykkel:
Lupu Brigde sett nedanifrå, var flott å stå på toppen av den og skue utover byen, men like mektig å gå under dette byggverket:
 rett under Lupu Brigde:
 Ei anna (gang) bru som måtte prøvegås:
 idyll:

 Eit av mange kunstverk:
 Framme ved "målet", eit av mange imponerande bygg til expo:
og der fekk me god sikt mot Kinas pavalliong. Meinar å ha høyrt at den er open igjen no etter at den var stengd ei stund etter endt expo, så ved neste besøk i dette området er det eit mål å koma meg inn i den bygningen:
 Så avslutta me dagen med litt kaffi og juice handla på Starbucks inne på Mercedes-Benz Arena:)

fredag 21. september 2012

Takk til google maps

Medan ungane var på skulen og hadde siste dagen med "dress up week" (mandag var dei prinsar/ prinsesser eller ein helt, tysdag laga dei kostyme på skulen, onsdag var det nattdrakt og kosebamse, torsdag annsiktsmaling og i dag favorittdyr):
var eg på besøk på barneheimen.  I dag tilbrakte eg mesteparten av tida ute på dette taket med ein herleg gut, som er blind eller svært svaksynt, men ellers frisk. Han møtte oss i døra, og med det same me opna døra, leita han febrilsk etter ei hand og ville ut ut ut.... :
I stadenfor å setja meg i bilen etter barneheimsbesøket, nytta eg i dag moglegheiten til å ta beina fatt heimover. Dette var ein heilt ukjend del av Shanghai for meg, så eg måtte ha mobilen i handa på heile turen og sjekke at eg var på rett spor via google maps... Er heilt strålandes dette google maps! Eg får lagt inn kortaste rute frå a til b, men i tillegg så blinkar det ein blå runding akkurat der eg befinn meg. Turen starta i Zhabei Park:
Renn masse små og store elvar gjennom Shanghai, hadde vatnet vore blått så hadde det vore rett så vakkert...:
 Hadde eg vore frykteleg sliten, kunne eg nok kvilt meg litt her:)
 Hadde vore morro om alle husstandane hadde hengt klede til tørk, det kunne blitt eit superbra bliete!:
 Siste brua før eg nærma meg kjende trakter og kunne skru av mobilen og setja opp farten:

onsdag 19. september 2012

Ein heilt vanleg heim

Når eg gjekk på fotokurs i våres, så vandra me gatelangs for å finna motiv. Nokon ville ikkje bli tatt bilete av, medan denne dama her var kjempeblid og glad for oppmerksomheit: 
Me gjekk på gata og kunne mest ta på senga hennars, og når ho ville ha litt meir privatliv, så hang ho berre ned dette handkledet som fungerte som dør på dagen (hadde ei skikkeleg dør ho kunne lata att): 
Vårt positive bekjentskap vinka oss inn til seg for at me skulle sjå kva ho og nabo (?) dama holdt på med, dei spelte eit eller anna: 
Og så ville dei gjerne sjå på bileta me hadde tatt av dei:) Når eg tenkjer på det no, skulle me kanskje framkalt nokon og gått innom med dei ein dag! Her viser Linn fram sine blinkskot, og damene er godt nøgde:)

søndag 16. september 2012

Høge svev

På Siloso beach kom me på laurdag over ein artig aktivitet, trampoliner der ein får festa ein klatresele kring livet og så blir det litt som å "hoppe i strikk" både opp og ned. Var ei ny oppleving og kjempekjekt!:
 Fekk til høge svev etterkvart:


lørdag 15. september 2012

Stas med besøk på verandaen

Her er det daglegdags med apekattar på verandaen, men for oss er det absolutt ikkje det, difor er det like stas kvar gong me oppdagar dei:) Denne gongen var det mange, og dei var og på vår veranda!
 Fredrik drøymer om å vera apekatt av og til, og klatra like godt som dei:
 Så morosamt å sjå dei på nært hald, korleis dei rører seg, et osv


fredag 14. september 2012

Singapore Zoo

Etter nokre dagar der me var "heima med sjukt barn" var det fint å reisa på tur til ein ny stad i Singapore, Singapore Zoo. Solveig og Fredrik gleda seg veldig til dagens utflukt og lada opp med "Cosmopolitian" i taxien...: 
Turen frå hotellet på Sentosa og fram til dyreparken tok kring 30 min, og ettersom taxisjåføren serverte den eine vitsen etter den andre på vegen, som eg ikkje forstod, var eg lukkeleg over at turen var over etter dei 30 min!

Parken imponerte frå fyrste stund. Det er frodig overalt her, så også i dyreparken. Reint og fint, små apekattar møtte oss i fyrste treet me gjekk forbi etter inngangen og slik fortsatte det heile dagen. Små og store dyr overalt. Søte, mindre søte..., små, store, snille, farlige osv. Siste nytt i parken er to pandaer frå Kina. Taxisjåføren fortalte om dei på vegen, at det hadde vore noko oppstartproblem både for panda`ene og dyrepassarane, så det ville ta litt meir tid før dei var synlege for publikum, men masse reklame var det for dei overalt:
 Fredrik lurte på om krokodiller er farlige:
Kvit-tigeren kan hoppe 10 meter. Det er langt det. Han såg sprek og farlig ut! Me tykte me kom ganske så nerme dei fleste av dyra. Var kun jaguaren og leoparden som var inngjerda med vegger og tak. Er ikkje så veldig bevandra i dyreverden, men me meinar bestemt at fleire av dyra lett kunne hoppa over til vår side av gjerdet om dei hadde eit stort ynskje om det....?? 
Fleire gongar lurte me på om dyra var levande eller om det var ulike former for statuer.... men når me stod og kikka lenge på giraffane og froskane og nasehorna og krokodillen (ikkje den Fredrik leika med, men ein annan som var på litt lengre avstand...) så byrja dei plutseleg å røre på seg og dei var sprell levande:) Fekk mange assosiasjonar både til "Istid" og "Madagaskar" :)
 Itsy bitsy spider:
 Visste ikkje at flaggermus kunne vera så stooore!!
 berre navnet gjer at dei er langtifrå søte i min verden...
 Men pingvinane derimot, dei er søte dei!:
 Elefantriding, morro:)
Det er ikkje så stor variasjon i temperaturen her, ligg på 28-35 grader, så uansett ein ganske flott sumardag, kjempegreit med ein vatnpark der ein kunne kjøla seg ned litt:
 Timon?



tirsdag 11. september 2012

"Shantaram", barneheim og instagram...

Eg var iherdig dei siste dagane før avreise til Shanghai. Måtte bli ferdig med denne mursteinsboka på 1000 sider då den er aaalt for tung å drive å dra med seg over halve kloden og litt til...: 
Nokon tenkjer nok at eg må ha meir enn tid nok til å lesa bøker som ikkje jobbar kvar dag.... men eg skal lova dykk at eg har det kjempetravelt!:) Men flaks for meg, så blir eg ikkje bilsjuk av å lesa bok i bilen, og tid i bilen blir det nok av. Vanlegvis likar eg å sitja å kikke ut og fylgje med på det som skjer frå eit bilvindaugeperspektiv, men forrige fredag fekk eg lest siste 100 sider på veg til/ frå barneheimen. Var godt å setja seg i bilen etter besøket og skyva vekk dei vonde følelsane det gir å vitja dei små uskuldige borna, med innspurten på ei bok. Boka "Shantaram" er ikkje akkurat lystig den heller, men eg anbefalar den på det sterkaste! Ein får eit innlbikk av korleis livet i India kan vere og det gav meg mange ting å tenkje på.

Attende til barneheimen på fredag. Det var slik som det pleier, både godt og vondt. Det er utruleg godt å sjå at desse to jentene som eg har skreve om fleire gonger, som er friske og som plutseleg dukka opp der seinvinters, dei er der, men dei er så levandes! Dei går fritt rundt i den stunda me er der, får eta maten sin sjølv, slåst om oppmerksomheiten og smiler. Kanskje har dei mykje kontakt med familien sin? det eg håpar mest på er at dei plutseleg ein dag ikkje er der meir når me kjem og det på grunn av at foreldra har kome ut av fengselet eller at det har blitt ordna med andre omsorgspersonar.... Det har skjedd før, Aba som eg møtte fyrste gongane, han var der plutseleg ikkje meir, og når me spurte etter han sa dei at han hadde flytta heim og byrja på skule.....

Klubb Norge, med leiarane i spissen, hadde møte med barneheimsbestyraren og på fredag. Det blei eit bra møte og kanskje det som gjorde meg mest glad er at no er me på bamsejakt. Me skal kjøpa inn 100 bamsar, dei må vera av ein viss kvalitet, storleik og utsjånad, men alle borna skal få ha ein kvar med seg i senga si. Ein som for nokon, forhåpentlegvis mange , kan bli ein følgesvenn, som ein kan kosa med i nokon av alle dei timane i døgnet som blir tilbragt i senga....

Her på feriparadiset Rasa Sentosa, har det blitt mykje tid inne på hotellrommet siste døgnet. Solveig har ikkje vore iform, masse (...) feber og oppkast har gjordt dei to siste dagane til Fredrik litt kjedeleg. Å vera ein vaksen då og underholda to born har sine utfordringar... Men det er svært lite som er vanskeleg eller problematisk etter at ein har vore på barneheimsbesøk.... Og eg har fått ein ny app på mobilen min, instagram, som er ein fotapp der ein svært så enkelt kan få fram diverse effektar. Her tatt frå kvilestunda i dag. Solveig følte seg betre ein periode, men så måtte ho gi tapt og leggja seg nedpå litt att:
 Utsikt frå verandaen vår:
 og utsikt frå verandaen andre vegen, med eit anna filter:) morro!
Så ja, eg må finna meg ei ny bok å bli hekta på! tek imot innspel med glede.

søndag 9. september 2012

Nyter livet på Rasa Sentosa igjen

Etter at Solveig på laurdag hadde vore i SWFC (altså enn så lenge, den høgste bygningen i Shanghai) for å feira bursdag til ei av jentene i klassen sin (ikkje at denne jenta bur der, men i 2 etg er det "Little gym" som er ein flott plass for blandt anna å ha bursdagsfest...)

Så gjekk ferden vidare til Pudong internasjonale flyplass. Fredrik var superklar for å koma seg ut på tur igjen (eg for min del er godt nøgd med å vera i Shanghai! men det er jo umogeleg å ikkje bli med til Singapore når me får moglegheit til det): 
 og Solveig tykkjer og det er stas med flyplass, reising og eigen koffert:
Solveig er klar for ut på tur og oppdaga Sentosa på nytt, fordelen med å vera litt mindre (enn meg..., men ein får kanskje den eigenskapen att når ein blir litt eldre enn meg og...) er at ein opplev same stadene på nytt. Forutan å tilbringa mykje av tida det våte element, har me vore på 4D film,
samt vore oppe i ein skyride der me fekk 360 graders utsikt over Sentosa og mot Singapore by.

Her ser de litt av båtparken som ligg i ro og ventar på nye oppdrag (?) utforbi øya:
og når me vrir kameraet litt mot høgre ser me hotellet me bur på med tilhøyrande strand og frodige vegetasjon:)