Sider

lørdag 22. september 2012

Shanghai expo park

Me hadde bestemt tur til Chongming Island i dag, som er Kinas tredje største øy som ligg ein god times køyring frå oss, og der ein må kryssa Yangtze River via bru og tunnell. Hadde gleda meg til å køyre over Yangtze River! men då dagens vær ikkje var heilt topp, klarte me ikkje å bestemma oss for kva me skulle gjera. I staden for å reise rett til Chongming Island, starta me heller med å gå på Apple butikken for å skaffa meg ny mobil. Iphonen min kræsja på morgonen, og det er jo meir eller mindre krise.... er begrensa kor lenge eg kan klara meg utan mobil generelt og spesielt her i Shanghai.... Så no er eg lukkeleg eigar av ein ny kvit Iphone 4S:) 

Etter Apple-butikken var me nære på å skaffe meir lego til husstanden og fortsetja ein sjeldan regnfull dag innanomhus. Men så klarte me, heldigvis, å få fram ein plan b, sjå kva expo-parken frå 2010 hadde å by på. Har sett på parken frå toppen av Lupu Brigde, og det såg flott ut frå lufta, og flott var den! For det fyrste var det så godt som ingen andre menneske der - uvanleg til ein park å vera i helg. Kanskje det skuldast "dårleg" vær. Og så var parken flott å gå i. Fine stiar, vegar, mykje gras og flotte blomsterbed, ulike former for kunst med javne mellomrom, og heile parken gjekk langs Huangpu elva, og me kunne skimte dei høgste tårna i Shanghai store deler av turen:
 Glade born på sykkel:
Lupu Brigde sett nedanifrå, var flott å stå på toppen av den og skue utover byen, men like mektig å gå under dette byggverket:
 rett under Lupu Brigde:
 Ei anna (gang) bru som måtte prøvegås:
 idyll:

 Eit av mange kunstverk:
 Framme ved "målet", eit av mange imponerande bygg til expo:
og der fekk me god sikt mot Kinas pavalliong. Meinar å ha høyrt at den er open igjen no etter at den var stengd ei stund etter endt expo, så ved neste besøk i dette området er det eit mål å koma meg inn i den bygningen:
 Så avslutta me dagen med litt kaffi og juice handla på Starbucks inne på Mercedes-Benz Arena:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar