Sider

søndag 2. september 2012

Tennis

Etter å ha nytta tennisbana til heilt andre formål enn den er meint for i året som gjekk, har Fredrik no bestemt seg for å byrja å spela tennis "på ekte". Han har fått seg racket som passar storleiken hans, mange ballar er kjøpt inn og han er såååå klar kvar dag:
Innsatsen og viljen er på topp, på bileta ser han mest proff ut:) men verkelegheita er at han blir ganske nedbrutt nokre minutt ut i treninga då han ikkje får det til slik han ynskjer.... Så me får finna nokre lure triks i opptreningen framover.

1 kommentar:

  1. Han ser ut som den drevne tennisspilleren jo!! Ser ut som han har skikkelig teknikk og kraft i slaga sine!! Like sporty som sin mor:)

    SvarSlett