Sider

søndag 28. oktober 2012

Blå container i Hua Shan

I Hua Shan, gata som passerar huset vårt, har det etter sumaren vore "anleggsarbeid" langs gangvegen. Så for eit par veker sidan kom det opp eit par containara som det viser seg at det bur folk i. Fyrst tenkte eg at det var sikkert midlertidige bustad for dei som jobbar med dette prosjektet, men etter nokre dagar med observasjon, så er det bustaden til desse arbeidarane + familie, det vil sei kone og born. Det bur i hvert fall to born der og ei kone. Den eine guten er kring 3 år, og tilbringjer heile dagen på dette fortauet, medan den andre som er noko eldre forhåpentlegvis er opptatt med skule på dagtid... 
Kanskje dette er nokon av dei som utgjer dei 4 millionane uregistrerte bebuarane i Shanghai, eller kanskje ikkje. Om den store guten faktisk går på skule, så må dei vera registrert. 

Den blå containaren er stove, kjøkken, bad og soverom (bad og stove og kjøkken er på fortauet, soverommet er inni). Når me går forbi ser me rett inn i køysenga deiras: 

lørdag 27. oktober 2012

Einar og Ingjerd på plass i Shanghai

Det er stor stas at Einar og Ingjerd har teke turen til Shanghai. Når me får besøk så byrjar me ofte men ein liten spasertur i nabolaget og viser fram bilparken:) 

 Det er framleis godt og varmt, ein god norsk sumardag til å vandre litt ute:
Solveig og Fredrik fekk stolt visa fram "computer class" ein av favoritt timane deiras på skulen...
Me prøver å vera effektive, så etter at me henta ungane på skulen tok me turen ned til elva og ein tur opp på Lupu Bridge, her er Einar og Ingjerd på veg opp treppene, ein ganske god dag med tanke på sikt:
 Ein god del blå himmel og ein får skue utover Shanghai:
Fredrik har vore oppe her ein tur før med tante Marta, men for Solveig var det fyrste gongen. Veldig kjekt å springa i treppene:
Fabric marked er staden for å få sydd seg skjorte, kjole, bukse osv. Bodane står tett i tett i tett i tett, og me er spente på resultatet når det blir levert på døra på tysdag kveld:



onsdag 24. oktober 2012

Jing An Sculpture Park

Eg kjenner meg ganske sikker på at for kinesiske pensjonistar har det blitt ein stor hobby-boom innan fotografering. Det er så ofte eg møter på mengder av kinesara godt oppe i pensjonistalder og alle med digre kameraer, helst canon, og dei er superivrige. Må jo vera den litt betre bemidla pensjonistklassen, ettersom eit slikt kamera kostar mange vanlige kinesiske månedslønner. Her er ein gjeng kameratar som har funne eit bra motiv: 
innta plassene...:
 eller eit stilleståande motiv;
 eller andre som tek livet meir med ro og sit og ventar på eit blinkskot:
Jing An Sculpture Park, som eg var i denne dagen, var flott. Mykje forskjellig kunst å sjå på, men berre sjå - ikkje røra. Ein kan ikkje trø i graset i denne parken (slik som det er i alt for mange parkar her. Om ein tek eit museskritt i feil retning, så blåser ein vakt i fløyta og får deg på rett spor. Det er umogleg å snike seg unda og, då det er ein vakt pr 10 meter...) Her kviler kua: 
 Champagnebøtter??:
 Instrument:
 Ein flott allè
 og ein til:

tirsdag 23. oktober 2012

Shanghai Marathon?

Luftkvaliteten i Shanghai/Kina er til stadigheit gjenstand for diskusjonar. Ein kan jo sjå og også lukte dårlige dagar blir det sagt, eg har enno ikkje lært meg den lukta, men eg kan vera med å bedømma ut frå sikta. Fram til no har eg medviten ikkje brukt så mykje energi på luftkvaliteten. Det er fordi eg ikkje får gjordt noko med det, og så lenge me bur her er det ein del av pakken... Ein av dei få negative sidene. Men no har motivasjonen for utandørs joggeturar auka, og så har eg tenkt litt at eg burde fylgja litt med på målingane og kanskje ikkje pressa hardt på dagar der det er stooooor helserisiko å vera ute...

Det amerikanske konsulatet i Shanghai har instalert luftkvalitets målara for å måla dei små partiklar i lufta som er så små at dei kjem ned i lungene og også går over i blodbana, og laga ein luftkvalitetindeks, AQI, og så har eg lasta ned denne appen, og etter at eg gjorde det så sjekkar eg jo mange gonger for dagen....

AQI går frå 0-500 der
0-50        Good
51-100    Moderate
101-150  Unhealthy for Sensitive Group
151-200  Unhealthy
201-300  Very Unhealthy
301-500  Hazardous

I dag tidleg var det slik her: 


2 desember har eg tenkt å vera med på Shanghai Marathon... Ikkje full maraton, men 21 km på asfalt. Det kan bli i lengste laget, særleg på asfalt. Men dersom luftmålingane er for dårlege den dagen, då blir det maraton på mølla i kjellaren.




lørdag 20. oktober 2012

Små barnehender

Fredag igår, og det var barneheimsbesøk. Det meste var som det pleier, dei same tinga som er trist å observera, då tenkjer eg spesielt på matinga, korleis borna blir løfta ut av senga og lagt attende, og at det er lite fri leik og fri utfoldelse... Men ein ting hadde skjedd, på rommet eg alltid går til, har det sidan påske vore to heilt friske jenter, som slik me har forstått det er der på grunn av at foreldra er i fengsel. I går var den eine jente ikkje der lengre, og me fekk vite at ho var reist heim!! fantastisk for denne jenta (håpar eg og reknar eg med), men så uendeleg trist for den andre jenta som er igjen... Slik me såg det, så "leika" dei i lag, kjempe om oppmerksomheiten og hadde seng attmed kvarandre. Håpar indarleg at denne andre jenta snart skal heim og!

Det var mange hender og bein som var knytt fast igår, av ulike grunnar, men for oss ganske vanskeleg å forstå..... Her ein nydeleg krabat som ikkje kunne røre hendene så mykje, men sov skikkeleg godt: 
Det er nokon lyspunkt for oss. Det er spesielt ein gut som har downs, han er heilt fantastik herlig, og får oss til å smila imellom tårene:) Linn har hatt eit spesielt auga til han heile tida, og de kan kikka på hennars bilete frå dagen her.
Ute på verandaen heng vaskeklutane til tørk: 


onsdag 10. oktober 2012

Strandidyll midt i Shanghai

Til stor glede for ungane blei det igår halv dag på skulen og ut på tur med gode vener. Dagens mål for oss, og 120 brudepar (kjem nærmare inn på det seinare...), var Da Nin Ling Shi Park. Eg googla parken før avreise og såg bileter av noko som likna på ei badestrand. Kunne ikkje heilt tru det, men me tok med strandleiker og skifteklede itilfelle nokon skulle bli våte... Og jammen var det ei flott sandstrand!:
Og med strålande Shanghai ver blei det vassing og etterkvart vart lysta så stor, at det måtte ein liten dukkert til og. Me/ ungane får godt med oppmerksomheit når me er ute på tur. Her kan de sjølv prøva å telja antal fotografar som samla seg (tett) opptil ungane:
Det er ein litt anna måte å vera nyfiken på her enn det me er vant til heime. Ulike mennesker i ulik alder (små born er jo berre kjekt, men når vaksne mennesker kjem og stiller seg 30 cm frå oss og blir ståande leeeeeenge og rett og slett glo, blir det til tider litt voldsomt både for liten og stor). Her leikar me litt på graset, og det har kome 4 vaksne mennesker (den 5 på bilete er Janicke som trass alt var ulvemora:)) som fulgte med heilt til me fant ut at det var på tide å flytte litt på oss:
For å få litt oversikt over parken tok me ein busstur rundt dette vatnet, og det var verkeleg ein nydeleg dag og idyllisk og vakker park:) 
Så attende til desse brudepara. Har forstått det slik at når dei giftar seg her så går det slideshow under heile bryllupsfesten med bileter av brudeparet i ulike oppdressingar og frå ulike stader. Det gjer at dei i langt tid på førehand må ut og fotograferast. Det er massevis av eigne byrå som tilbyr full pakke med diverse kjolar, artig tilbehør (som ballongar, bamsar, gitar....) fotograf og det som skal til. Så er det lange dagar med fotosession med skifte av "kostymer" og bakrunn for bileta. Leon, sjåføren vår, sa når me gjekk ut av bilen, at denne parken var kjempepopulær i helgane for kommande brudepar til å ta bileter i. Så då lurer eg på kor tettpakka dei står her i helgane og gjer ablegøyer, for denne dagen var det brudepar på alle kantar medan me var der. Kjempekjekt å fylgja med på. (Eg droppa å ta med kameraet vårt då eg som vanleg har nok å bæra på når me er ute på tur, men angra skikkeleg, for skulle gjerne hatt litt betre kamera og soooom denne dagen... ) Her har dei akkurat skifta frå skikkeleg brudekjole til orange kjole, ballongar og gitar: 
 Nydeleg oppstilt og me får sett ein flott kjole:
Kor er sooomen?? Alle dei kvitkledde de ser litt bak i bilete er brudepar som er ferdig med dagens fotografering i denne parken (talte 10 par),  så kom det ein minibuss køyrande, den satte av 10 nye par og desse 10 ventande gjekk inn i bussen for kanskje å bli frakta til neste park? tårn? eller kor dei måtte ynskja å ha bileter ifrå.



mandag 8. oktober 2012

Befolkningstettleik

Kvar veka kjem det ut ulike gratisblad her i Shanghai med info om alt ein kan tenkja seg (og ikkje tenkja seg) om ein storby. I dag las eg om befolkningstettleieken her i Shanghai, "downtown" Shanghai (som eg reknar med me er godt innafor) er det 16 828 personar pr kvaderatkilometer. Det er 2,4 gongar meir enn Tokyo, 3,5 gonger meir enn London og 4,8 gonger meir enn Paris, Norge og Svelvik var slett ikkje nevnt i denne samanheng... he he.
Eg las og at om veksten i antal personar fortset å veksa slik den har gjordt fram til no, er det fare for at ein vil gå tom for grunnleggjande ressursar som vatn i springen i løpet av dei neste 3 åra... Er vel ikkje så vanskeleg å forstå at ein er nødt for å prøva å stoppa tilflyttinga...

Med tanke på desse tala, er det forundereleg at eg i dag på ein 15 km lang joggetur (og ja, eg blei ganske trøytt og har problem med å gå ikveld, men det var absolut verdt det!!....) som eg hadde her "downtown Shanghai", kunne kikke kringom meg utan å sjå noko særleg med mennesker. For meg var det heilt herlegt:) ein set pris på ulike ting til ulike tider:) I desse "fantastiske haustbileter frå Norge dagane" så fekk eg eit lite snev av den kjensla, å gå i fjellet og koma til eit utsiktspunkt og skue utover....:)

Nokre bileter frå turen i dag:






torsdag 4. oktober 2012

People`s Square

Sidan det er haustferie nyttar mange anledningen til å sjå andre deler av asia. Av dei me leikar ilag med her i Shanghai, kan me nevna reiser som Seoul, Hong Kong, New Zeeland, Thailand.... men då dei me tenkte å reisa på tur ilag, og som stod for organiseringa, plutseleg ikkje bur i Shanghai meir (brå forandring i jobbsituasjon),  så blei enden på visa Shanghai-ferie og ei natt i 47. etasje på dette bygget: 
J.W. Marriott. Ligg ikkje så mange minuttane i taxi frå oss, men forandring fryder uansett! Utsikt frå hotellrommet by night: 
Ulike vinklar frå dagen i dag, uansett kvar ein snur seg, så ser ein høge hus i alle retningar og så langt auga kan sjå... skal jo litt husvære til for å ha plass til godt over 20 millionar mennesker...:


Blir alltid fasinert av dette byggjeprosjektet, og her kom me endå nærmare enn me er frå vindauga i leiligheiten vår. Er ikkje så lenge før det nye bygget har tatt igjen SWFC.
Val av hotell var litt tilfeldig og litt etter facinasjon av dette rocket shippet (i fylgje Solveig og Fredrik). Utsjånad var absolutt ein god grunn til å velje men og at det ligg tett intil "People`s Square" som er mitt i hjerte av Shanghai. Mange viktige bygningar for kultur, historie og styresmaktene er her, omgitt av flotte parkanlegg. Av bygningar ein kan kikke på og vitje er Shanghai Museum, Shanghai Urban  Planning and Exhibition Hall, Shanghai Art Museum og Shanghai Grand Theatre. 

Litt av parkanlegget:  
Utfor Shanghai Grand Theatre, ein får inntrykk av god plass og lite folk. Det er store flater, men at det ikkje er mykje folk å sjå, kjem av at plassen her er avsperra:
 Shanghai Grand Theatre med J W Marriot i bakrunn:
 Nydelege fargar i blomsterbeda:
 Shanghai Museum:
I Renmin Park er det og, som i dei fleste parkar her i Shanghai, eit lite tivoli. Alltid stor stas å køyra karusell. Eg for min del som alltid elska dette før, er på kanten til å bli litt bilsjuk (kan ein sei det om karusellar? karusellsjuk..??) og litt utrygg på om det er trygt å sitje oppi desse karusellane i det heile tatt...:
 Renmin Park:
Har høyrt at det i helgane er eit såkalla " Marriage Market" i denne parken. Og eg lurer på om det var det me kom borti i dag. Det er ein stad der dei praktiserar ein annan form for kontaktannonser enn det me er vant til. Foreldre kjem dit med diverse data om sin gifteklare son/ dotter i håp om å finne ein match. Eg les og i Lonley Planet at det er overraskande lite bileter å sjå i desse "anonnsene", som kjem av at ein går etter andre ting som høgt, utdanning, lønn.... Her er nokre annonser stilt ut:
 Her er mange fleire:





mandag 1. oktober 2012

Xiaoyangxiang

Har tidligare uttrykt min glede ovanfor google maps, trass i at det i det siste har kome sterk kritikk mot google maps frå mange hold, så er me framleis ganske nøgd med tjenesta....:) Men eg får kun opp bilkart sidan eg lasta opp/ ned (?) siste versjonen, iOS6 (ikkje spør meir om det...) - er umogleg å få det til å finna ein smartare veg om eg syklar eller går. Ein får vera litt tolmodig, så reknar eg med at alle slike feil blir retta opp i straks. 

Vel, vel, uansett, så er det google maps sin fortjeneste at me har hatt den runden me har hatt i dag. Eg "surfar" litt på kartet til tider, og så finn eg stader eg tykkjer ser spennandes ut så dagens tur blei planlagt slik: 
Eg såg på kartet at det gjekk ei bru frå fastlandet og rett utover "East China Sea".  Prøvde å sjekka litt på nettet, men fant ikkje ut så veldig mykje. Men me tenkte at om ikkje anna, så var det uansett spennande og kjekt å køyre ei bru ut mot havet som er over 3 mil lang..... Her er me på veg: 
Me trengde ikkje snu med det same, på øya me kom ut til var det fleire små toppar og godt utbygde stiar (meir som gangfelt) å gå på, her ser me brua frå "fjell-turen" vår. Det svarte som ligg ute i sjøen, er oljesøl...
Her ser de årsaken til at denne brua blei bygd,  ein av verdens største containerhavner...
Her går starten på turen vår, er ein fin stigning med trapper i starten, eit godt alternativ for trappetrening!:) (i hvertfall samanlikna med å gå i trapper i Royal Pavillion...) 
 Utsikt frå toppen av treppene:
Godt gjordt å få til eit bilete utan nokon folk! Var ganske tett med mange andre som og ville vitje denne staden i dag, og som de ser er det rimleg gode "stiar" å gå på:
 Siste biten ut mot havet var utan bygd sti, og eigentleg ikkje lov å gå ut på (reknar med det var det som stod på skiltet på kinesisk som hang på gjerdet me klatra over for å kome oss heilt ut på tuppen):
Godt med ein liten kvil og kjenne vinden frå havet i håret. Var ein varm sumardag i dag igjen: 
 Så er me på veg attende, snart på høgste punktet før trappa ned til parkeringsplassen:
Fredrik som stod opp alt for tidleg i dag, mista litt piffen på slutten, så heilt greit å sitje på "taket" og kvile seg:
Det var ein super tur, men også ein litt meir krevjande tur enn parkane me har vore i tidligare, difor er det endå meir imponerandes alle desse damene som kjem kledd i fin fin kjole, veske og stiletthælar.... Er ikkje berre ein og annan, det er mange av dei!!

 sjå godt på skodna til dama til venstre og ho med raudt skjørt: