Sider

søndag 28. oktober 2012

Blå container i Hua Shan

I Hua Shan, gata som passerar huset vårt, har det etter sumaren vore "anleggsarbeid" langs gangvegen. Så for eit par veker sidan kom det opp eit par containara som det viser seg at det bur folk i. Fyrst tenkte eg at det var sikkert midlertidige bustad for dei som jobbar med dette prosjektet, men etter nokre dagar med observasjon, så er det bustaden til desse arbeidarane + familie, det vil sei kone og born. Det bur i hvert fall to born der og ei kone. Den eine guten er kring 3 år, og tilbringjer heile dagen på dette fortauet, medan den andre som er noko eldre forhåpentlegvis er opptatt med skule på dagtid... 
Kanskje dette er nokon av dei som utgjer dei 4 millionane uregistrerte bebuarane i Shanghai, eller kanskje ikkje. Om den store guten faktisk går på skule, så må dei vera registrert. 

Den blå containaren er stove, kjøkken, bad og soverom (bad og stove og kjøkken er på fortauet, soverommet er inni). Når me går forbi ser me rett inn i køysenga deiras: 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar