Sider

mandag 1. oktober 2012

Mooncake Festival

No har me haustferie i Shanghai, heiter ikkje potetferie her, men ein kan velja mellom fleire navn som National Holiday (som det blei frå 2008), Mid Atumn Festival, Mooncake Festival, Moon Festival eller på kinesisk Zhongqiu Festival. Ein gir "Mooncakes" til kvarandre og det er ein stor greie her! Me fekk ein flott pakke frå sjåføren vår. Innpakninga er alltid superflott!:
 Og det er også flott inni, der ein kan velja mellom ulike smakar:
 Ein av kakene:
Det er ulik fyll inni kakene, alt i frå kjøtt og bønner, til meir mot det søte av frukter og nøtter:) Har smaka på fleire når me hadde vår eigen mooncakes fest i "Ibsen-parken" (me har døypt ein naboplen her til Ibsen-parken ettersom det er ein byste av Henrik Ibsen der), og det var betre enn eg hugsa frå ifjor! Her leikar me slå på ringen etter at kakene har blitt smaka på: 
 og endeleg fant Fredrik eit tre som det går an å klatre i her i Kina!:)

I gårkveld var det vår tur med nabobarnevakt, og eg og Lars Petter tok turen ned til The Bund for å nyte ein betre middag, og det var masse folk og stor stemning der nede: 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar